Noreg er sterkt engasjert i fredsprosessen på Sri Lanka, og har lenge prøvd å få partane saman til nye samtalar. Forsøka har stranda fordi partane ikkje greier å bli samde om kvar forhandlingane skal haldast.
Flyplassen
I går la norsk UD fram eit forslag om at forhandlingane skulle haldast på den internasjonale flyplassen utanfor hovudstaden Colombo.
I dag kom svaret frå LTTE-geriljaen, også kalla Tamiltigrane, og det var eit klart nei. Flyplassen er ikkje ein stad der det er mogleg å drive serøse forhandlingar, heiter det i ei fråsegn frå geriljaen.
Regjeringa gav straks si støtte til det norske forslaget.
Sri Lankas statsminister Mahinda Rajapakse inngjekk ein avtale med det marxistiske partiet JVP i dag. (Foto: AFP/Scanpix)
Regjeringa har heile tida stått hardt på at nye forhandlingar må haldast i Sri Lanka, medan geriljaen vil ha forhandlingane i området dei kontrollerer nord på øya, eller i utlandet.
Dermed er fredsprossen på den delte øya framleis like fastlåst. Det er stor fare for at våpenkvila frå 2002, som Noreg var sterkt delaktig i å forhandle fram, kan bryte saman.
JVP-avtale
I dag inngjekk også statsminister Mahinda Rajapakse ein avtale med leiaren for det marxistiske JVP-partiet om ikkje å inngå ein maktdelingsavtale med Tamiltigrane. Det er uklart om dette kan vere ei medårsak til at LTTE-geriljaen i dag sa nei til det norske forslaget.
Rajapakse sa at han håpte at avtalen ikkje skulle hindre ein fredsavtale med Tamiltigrane.
Valdsepisodar
Det har i det siste vore fleire valdsespisodar som har auka spenninga i landet, og begge partar er samde om at det hastar med å få i gang igjen forhandlingane.
LTTE-geriljaen kontrollerer eit 9000 kvadrameter stort område i det nordlege og austlege Sri Lanka, rundt ein sjudel av det totale arealet på øya. (NRK-AFP-Reuters)