NRK Meny
Normal

Talibangissel kan få livsstid i fengsel

Den amerikanske soldaten Bowe Bergdahl er formelt tiltalt for å ha desertert i Afghanistan. Han sat fem år i fangenskap hjå Haqqani-nettverket, no risikerer han livstid i eit amerikansk militærfengsel.

US-AFGHANISTAN-COURT-GUANTANAMO-BERGDAHL-FILES

Meinig Bowe Bergdahl sat fem år som fange i Afghanistan. No blir han tiltalt for desertering og risikerer livsvarig fengsel i USA.

Foto: -- / Afp

Bowe Bergdahl har fått opplese tiltalen der han blir skulda for å ha desertert, og for «uakseptabel oppførsel framfor fienden». Det fortel forsvarar Eugene Fidell til Washington Post.

Første rettsmøte er sett til 31.mai.

US-POLITICS-OBAMA-BERGDAHL-FILES

Foreldra til Bergdahl takka president Obama for at sonen var fri. Men presidenten hausta mykje kritikk for å ha forhandla med fienden.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

Det har lenge vore spekulert i om Bergdahl overgav seg frivillig til geriljarørsla Taliban, då han tenestegjorde som soldat i Afghanistan.

Obama-administrasjonen fekk mykje kritikk då dei bytta Bergdahl mot fem geriljasoldatar frå Taliban i 2014.

– Tiltalen vil blåse nytt liv i denne kritikken, skriv avisa Politico i dag.

Sat fem år i fangenskap

Bergdahl vart teken til fange av det Taliban-allierte Haqqani-nettverket i juni 2009. Etter forhandlingar vart han slept fri den 31. mai 2014. Han sat fem år i fangenskap.

Afghanistan Bergdahl

Endeleg fri. Taliban sende ut denne videoen av fangeutvekslinga, som vart snappa opp av nyheitsbyråa.

Foto: Uncredited / Ap

Han er av delvis svensk og delvis norsk avstamming.

Taliban publisert fleire propagandavideoar av Bergdahl då han sat i fangenskap. Rørsla kravde store pengesummar og fengsla terroristar i bytte mot Bergdahl.

Heime i USA engasjerte mange seg for å få soldaten fri. Foreldra var aktive i å be Obama om hjelp.

Vart gøymd i Pakistan for å hindre redningsaksjon

Det har versert historier om at Taliban smugla Bergdahl til Pakistan for å halde han utanfor aksjonsradiusen til amerikanske spesialstyrkar i Afghanistan.

AFGHANISTAN-UNREST-US-HOSTAGE-FILES

Bergdahl var gull verdt for Taliban. Dei nytta han i fleire propagandavideoar, og brukte han til å presse amerikanske styresmakter i forhandlingar.

Foto: HO / Afp

Vart bytta mot Guantánamo-fangar

Bergdahl vart sleppt fri i bytte mot fem talibanfangar som sat i Guantánamo Bay fengselet. Emiren av Qatar, Tamim ibn Hamad Al Thani, var mellommann.

Obama-administrasjonen hausta mykje kritikk for å ha forhandla med terroristar og å ikkje informere kongressen tilstrekkeleg.

Den konservative fjernsynskanalen Fox News var blant dei mest høglytte kritikarane.

Mange rykte

Det var duka for velkomstfest då Bergdahl var på veg heim frå Afghanistan. Heimbyen Hailey i delstaten Idaho hadde pynta gatene og gjort seg klar til parade. Men festen vart avlyst etter rykter om at soldaten frivillig hadde overgjeve seg til Taliban.

Medsoldatane til Bergdahl har lenge hevda han oppførte seg på eit vis som sette andre sine liv og helse i fare.

LES OGSÅ: Avlyser Bergdahl-velkomst

No risikerer han livstidsstraff i eit militært fengsel. Det er straffa for å vere amerikansk desertør.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt