Taliban-topp drepen i amerikansk angrep

Både Taliban og den afghanske etteretningstjenesten stadfestar at Taliban-leiaren mullah Arkhtar Mansour er drepen i eit amerikansk droneangrep.

AFGHANISTAN-TALIBAN/EXCLUSIVE Mullah Akhtar Mohammad Mansour, Taliban militants' new leader, is seen in this undated handout photograph

Angrepet i dag var retta mot Akhtar Mohammad Mansour, toppsjefen. Ei kjelde seier han vart drepen.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon opplyste i går kveld at USA har gjennomført eit større luftangrep i Afghanistan. Målet for angrepet var Taliban-leiaren Akhtar Mansour, og no stadfestar ein Taliban-kommandør at han vart drepen i droneangrepet, melder AP.

Den afghanske etterretningstenesta stadfestar også at Taliban-leiaren er drepen.

PAKISTAN-AFGHANISTAN-UNREST-TALIBAN-US

DRONEANGREP: I denne bilen vart Taliban-leiaren drepen, da bilen vart treft av eit amerikansk droneangrep. Angrepet skal ha skjedd i nærleiken av den avsidesliggande byen Ahmad Wal i Baluchistan i Pakistan.

Foto: - / Afp

Mulla Arkhtar Mansour tok over som leiar av Taliban etter mullah Mohammed Omar i fjor sommer. Sidan har han vore ein av verdas mest ettersøkte menn.

– Mansour har aktivt vore ein trussel mot afghanske sivile og sikkerheitsstyrkar, våre ansatte og koalisjonspartnere. Han har vore eit hinder for fred og forsoning mellom regjeringa i Afghanistan og Taliban, skriv Pentagon i ei pressemelding.

– Skjedde i Pakistan

Ei kjelde seier at det var president Barack Obama som gav ordre til å angripe Mansour, og at angrepet skjedde på den pakistanske sida av grensa seint i går kveld lokal tid.

Fleire amerikanske dronar skal ha delteke i angrepet, som var retta mot eit køyretøy i eit svært aude område, sørvest for byen Ahmad Wal.

Det har vore stille rundt mulla Akhtar Mansour sidan desember i fjor. Då vart han skoten og alvorleg såra etter ein krangel med andre militante leiarar under eit møte i den pakistanske byen Quetta. Hendinga vart då sett på som eit bevis for at det gjekk føre seg ein intern maktkamp i Taliban.

Uklar helsetilstand

Denne maktkampen skal ha halde på sidan den tidlegare Taliban-leiaren mulla Omar døydde i fjor sommar. Fleire andre Taliban-leiarar skal ha meint at Mansour kom for enkelt til makta.

Det er uklart korleis helsetilstanden til Mansour har vore etter det som skjedde i Quetta.

Laster kart, vennligst vent...

Frykter større Taliban-angrep fremover

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt