NRK Meny
Normal

Skyting og eksplosjonar prega valopninga

To opprørarar er drepne i ei skotveksling med tryggingsstyrkar aust i Kabul i dag. I provinsen Baghland skal fleire Taliban-medlemmer vere drepne.

Vallokala har opna
Foto: David Guttenfelder / AP

Skotvekslinga i Kabul starta etter at tre mistenkte sjølvmordbombarane okkuperte ein bygning aust i byen i dag tidleg.

- To personar er drepne i skotveksling med tryggingsstyrkar ikkje langt frå politistasjonen, seier politikjelder til Reuters.

Ifølgje Taliban-talsmann Zabihullah Mujahid, er dei tre opprørarane ein del av Talibans strategi om å hindre valet.

- Vi har drepe fleire

I provinsen Baghland like nord for Kabul er fleire vallokalar stengde etter skotvekslingar mellom tryggingsstyrkar og opprørsstyrkar.

- Terroristar angreip byen frå fleire hald. Kampane har pågått sidan i dag tidleg, seier politisjek Mohammad Kabir Andarabi til AFP på telefon frå Baghland.

Han fortel at opprørarane no har vorte pressa tilbake og at tryggingsstyrkar har drepe 22 terroristar.

Ein anna politikjelde stadfestar at seks Taliban-medlem vart drepne i samanstøytane.

Strøymer til vallokala

Val i Afghanistan

Ei tryggingsvakt på post under presidentvalet.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / AFP

Det er framleis uklart kor mange av dei nær 7000 vallokala som kjem til å vere opne. Tryggingstiltaka under valet er omfattande, etter at Taliban har kome med klare truslar om terroraksjonar og væpna åtak frå Taliban.

Mellom anna er grensa mellom Afghanistan og Pakistan no stengt som følgje av truslane.

Les også: Valden aukar i Afghanistan

Trass i at skyting og eksplosjonar har prega valopninga fleire stader i landet, strøymer folk til vallokala.

Rundt 17 millionar afghanarar har røysterett når landet for andre gong i historia har høve til å velje president.

Dei fleste trur at sitjande president Hamid Karzai vert attvalt for fem nye år, men den stigande oppslutninga om utfordrar og tidlegare utanriksminister Abdullah Abdullah gjer utfallet meir spanande enn tidlegare tenkt.

Les også: Kan bli omkamp i Afghanistan

Veljarar strøymar til

Veljarar utanfor eit vallokale i Kabul.

Foto: AHMAD MASOOD / REUTERS

Skadde i rakettåtak

I Kabul sentrum vart to vallokalar angripne i dag tidleg, og det kjem stadig meldingar om eksplosjonar og skyting fleire stader i byen.

Ifølgje Aftenposten vart det like før klokka 06 norsk tid losna skot inne på ein vidaregåande skule som vert brukt til vallokale.

Omtrent samstundes var det to eksplosjonar i eit vallokale vest i hovudstaden.

I byen Kandahar sør i Afghanistan vart fire personar skadde i fleire små rakettåtak like før vallokala opna, seier tryggingskjelder.

Vald fleire stader

Ifølgje NRKs reporter Ole Torp som er i Kabul er det også rapportert om vald i fleire andre byar.

- Nokre stader har dette ført til at nokre av dei oppmøtte veljarane har flykta heim att. Det er nettopp det ein har frykta, at Taliban skal greie å skremme folk frå å utøve dei demokratiske rettane, seier Torp.

Samstundes har regjeringa i Afghanistan nekta afghanske medium å rapportere om eventuelle valdshandlingar mellom klokka 06 og 18 i dag.

Ein japansk tv-journalist sat i natt varetektsfengsla i Kabul, men er no sett fri. Afghanske styresmakter har ikkje vore viljuge til å forklare kvifor journalisten vart fengsla.

Direktør Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking, PRIO, trur åtaka til no og truslane frå Taliban skremmer mange afghanarar frå å røyste.

- Dette fører til at valdeltakinga vert skeiv. I mange område i sør der Taliban står sterkt,vert valdeltakinga lågare og det truar faktisk legitimiteten til heile valet.

Konsekvensane er alvorlege. Det er sjølve demokratiet som er oppe til eksamen i Afghanistan i dag.

Kristian Berg Harpviken

Vage framtidshåp

Vallokale

Ein veljar registrerer seg i eit vallokale i Kandahar.

Foto: BANARAS KHAN / AFP

Sjølv om det er heile åtte år sidan Taliban-regimet vart styrta i den USA-leidde invasjonen, må afghanarar og dei rundt 100.000 utanlandske soldatane i landet med andre ord framleis sjå langt etter freden.

Spørsmålet mange stiller seg no, er om sitjande president Hamid Karzai er den rette mannen til å føre det skjøre demokratiforsøket i Afghanistan nokre vaklande steg vidare.

I eit krigsherja land med om lag 70 prosent analfabetisme, enorm fattigdom og svært vage framtidshåp, kan det vere vanskeleg å sjå dei framstega landet kan ha gjort etter at Karzai vart valt i 2004

Oppmoda folk til å røyste

Hamid Karzai

President Hamid Karzai.

Foto: Rafiq Maqbool / AP

Karzai røysta om lag ein halv time etter at vallokala i Kabul hadde opna. Han oppmoda afghanarane til å nytte røysteretten.

- Eg bed dykk, kjære landsmenn, om å røyste for å vere med å bestemme framtida, sa han.

Måtte Gud sikre at dette valet vil bidra til fred, framgang og velferd i Afghanistan.

Hamid Karzai

Karzai har styrt Afghanistan sidan Taliban-regimet vart fjerna frå makta i den USA-leidde invasjonen i 2001.

Ved valet i 2004 fekk han 55 prosent av røystene og avgjorde dermed valet i fyrste omgang. Får han under 50 prosent ved valet i dag, vert det omval i Afghanistan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt