Hopp til innhold

Taliban stod bak vegbomba

Taliban seier dei står bak bombeeksplosjonen som tok livet av ein norsk soldat og såra to andre i dag.

Det var ei panservogn av denne typen som vart sprengt i Afghanistan 25. januar.

Arkivbilete av eit av Forsvaret sine køyrety av typen CV90, same typen som vart sprengt i Afghanistan i dag.

Foto: Forsvaret / Scanpix

Aftenposten.no melder at Taliban har lagt ut dette på nettsidene sine no kveld.

- Det eksploderte køyretyet vart etterlate på staden, heiter det i meldinga som er lagt ut på Internett. Nettstaden siterer lokale mujahedin, såkalla heilage krigarar.

Meldinga er signert Taliban-talsmannen Zabiullah Mujahid, og vart publisert etter at Forsvaret hadde stadfesta dødsfallet.

Claes Joachim Olsson vart drepen i Afghanistan 25. januar 2010.

22 år gamle Claes Joachim Olsson vart drepen i Afghanistan måndag.

Foto: Forsvaret

Kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Eide i Forsvarets operative hovudkvarter seier at det er for tidleg å seie om det er hald i desse påstandane. Det er ikkje uvanleg, seier han, at Taliban tek seg seg skulda for det dei ikkje er ansvarlege for.

- Erfaringsmessig er ikkje alt som kjem frå denne kanten like truverdig, legg han til.

Han seier at Forsvaret ikkje har trekt nokon konklusjon om kven som kan stå bak angrepet på den norske panservogna. Men, seier han, det er ingen tvil om at Taliban har fått eit fotfeste også nord i Afghanistan.

LES OGSÅ: Norsk soldat drept i Afghanistan

LES OGSÅ: - ISAF-styrker trenger ikke være målet

LES OGSÅ: - Tapet av en norsk soldat går veldig inn på meg

LES OGSÅ: Soldatene er preget i Afghanistan

Det var 22 år gamle Claes Joachim Olsson frå Gressvik i Fredrikstad kommune i Østfold som miste livet i bombeeksplosjonen i Afghanistan i dag tidleg. Olsson var vognførar på ei CV9030 stormpanservogn.

Olsson tilhøyrde Telemark bataljon, der han hadde tenestegjort sidan september 2008. Olsson kom til Afghanistan saman med stabiliseringsstyrken PRT-14 i desember 2009.

SISTE NYTT

Siste nytt