Hopp til innhold

Taliban-offensiv i Nord-Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 14 afghanske politifolk og ein lokal politisjef er drepne i tre ulike angrep i det nordlege Afghanistan det siste døgnet.

Ni politifolk vart drepne av opprørarar i Kunduz-provinsen seint i går kveld, då fleire titals talibanar gjekk til angrep på kontrollposten deira.

Ein lokal politisjef vart drepen då ei bombe eksploderte ved bilens hans. Også sjåføren hans vart drepen.

I den til vanleg fredelege Badashkan-provinsen vart fem politifolk drepne i eit tredje angrep. Ei fjernstyrt bombe vart utløyst under bilen dei fem var om bord i.

Taliban har den siste tida intensivert angrepa sine i det nordlege Afghanistan. Afghanske soldatar, ofte med dårleg trening og elendig utstyr, har blitt eit lett bytte for opprørarane.

I går vart også 12 er sivile drepne nær grensa til Pakistan, då opprørarar gjekk til angrep på bussen dei var om bord i. I tillegg vart seks amerikanske soldatar drepne i ulike angrep i Afghanistan.

LES OGSÅ: Dødstala stig etter Pakistan-terror

LES OGSÅ: - Terror skal skape krigsmotstand

LES OGSÅ: Bedre beskyttelse mot veibomber

SISTE NYTT

Siste nytt