Hopp til innhold

Taliban meir aktive i Faryab etter norsk tilbaketrekking

Taliban har blitt meir aktive i Faryab-provinsen i Afghanistan etter at dei norske styrkane trekte seg ut.

Norske soldater i Afghanistan

Norske soldatar under trening i Afghanistan.

Foto: NRK

Dette går frå av Forsvarets halvårsrapport, som vart lagt fram på ein pressekonferanse på Akershus festning i føremiddag.

– Taliban testar hæren

Opprørarane vil teste om den afghanske hæren greier å handtere tryggleiken, går det fram av rapporten.

Forsvarssjef Harald Sunde.

– Tryggingssituasjonen i området er krevjande, seier forsvarssjef Harald Sunde.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Forsvarssjef Harald Sunde seier at det er ein krevjande tryggingssituasjon i dette området, fordi det går føre seg ein maktkamp mellom ulike etniske grupper

I dag kjem dei siste 300 norske soldatane heim frå Maimana i Afghanistan.

Harald Sunde rosar den norske kontingenten i Afghanistan og seier dei har vore eit førebilete for dei andre i den internasjonale styrken.

70 nordmenn til Afghanistan

8. januar 2013 reiser cirka 70 norske soldatar til Afghanistan for å vere rådgjevarar for det afghanske politiet i grunnleggjande politi- og tryggingsoppgåver. Tidlegare har norske soldatar vore rådgjevarar for dei afghanske tryggingsstyrkane.

Nordmennene i den nye eininga skal vere rådgjevarar for sjefane på ni politistasjonar i Mazar-e Sharif. Målet er å styrkje politisjefane sin kompetanse innan logistikk og leiing, slik at politiet får vist dei lokale innbyggjarane at dei tek ansvar og har kontroll.

Heile pressekonferansen til forsvarssjef Harald Sunde m.fl.

VIDEO: Sjå heile pressekonferansen her.

Dei norske politirådgjevarane skal vere i Afghanistan ut 2013.

Rådgjeving og etterretning

I tillegg til rådgjevarane vil den nye eininga også ha ein etterretningsdel, som skal framskaffe oppdatert informasjon for at styrken skal kunne operere på ein tryggast mogleg måte.

Når den nye styrken kjem til Mazar-e Sharif i januar vil det vere 270 norske soldatar i Afghanistan.

Mazar-e Sharif er den fjerde største byen i Afghanistan med rundt 400.000 innbyggjarar. Forsvaret vurderer tryggingssituasjonen i byen for god og stabil etter afghanske forhold.

Dei norske soldatane er henta frå Telemark bataljon og etterretningstenesta i Forsvaret.

Les heile rapporten her:

LES OGSÅ: Forbrytelse og straff i Kabul

LES OGSÅ: Norske spesialsoldater: – Skjønner at afghanere skyter mot oss

LES OGSÅ: – Jeg vil reise et monument over krigsseilerne

SISTE NYTT

Siste nytt