Hopp til innhold

Kraftige kampar i Kabul

Taliban-opprørarar har gått til eit svært omfattande angrep mot fleire bygningar inne i den såkalla grøne sona i den afghanske hovudstaden Kabul.

Video Helikopter-angrep på okkupert bygning i Afghanistan

VIDEO: Helikopter-angrep på okkupert bygning i Afghanistan

Det er skote fleire rakettdrivne granatar mot parlamentet. Fleire angriparar skal ha prøvd å storme det afghanske parlamentet, men tryggingsstyrkar skal ha greidd å slå dei tilbake. Angriparane skal no ha søkt tilflukt i ein bygning like ved.

Den britiske journalisten John Wendle meldte på Twitter at ein norsk soldat var såra i halsregionen. Seinare har han teke atterhald om at dette kan vere feil.

– Det er sålangt ikkje meldt om skadde eller såra nordmenn, seier presse- og informasjonsoffiser, major Ivar Moen, ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Også utenriksminster Jonas Gahr Støre seier at han ikkje kjenner til at nokon norske soldatar skal vere såra.

Ein afghansk parlamentsmedlem fortel til Reuters at fleire av hans kollegaer no kjempar saman med tryggingsstyrkane mot angriparane.

Afghansk politimann i posisjon i Kabul.

Ein afghansk politimann har innteke posisjon under ei skotveksling med talibanar sentrum av Kabul.

Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Det blir meldt om kraftig skyting, og minst to av angriparane er drepne i kampane.

Talsmann for Taliban, Zabihullah Mujahid, seier i den andre kunngjeringa søndag at dei har angripe det tungt bevokta presidentpalasset til Afghanistan sin president Hamid Karzai, melder Reuters. Dette er ikkje bekrefta av andre kjelder.

Granatangrep mot ambassadar

Det er også skote granatar mot den britiske- og den russiske ambassaden. Ein granat skal ha treft bustaden til ein britisk ambassadetilsett.

Det blir også meldt om skyting andre stader i Kabul, og politiet opplyser at tre område i byen er under angrep. Det er ambassadestrøket Wazir Akbar Khan, parlamentet i den vestlege delen av byen og eit område sør i byen som blir kalla Distrikt 9.

Det er også ein stor amerikansk militærbase like i nærleiken, samt kontora til FN.

Ein NATO-talsmann opplyser at så mange som sju område i Kabul kan vere under angrep. Det er ikkje meldt om såra NATO-soldatar, og styrkane svarar på angrepa i samarbeid med den afghanske hæren, seier han.

Afghansk politi tek posisjon i Kabul.

Afghansk politi kom raskt til då angrepet starta.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Den islamistiske organisasjonen Taliban har teke på seg ansvaret for angrepa i Kabul, og dei seier at den britiske- og den tyske ambassaden og NATO-hovudkvarteret er dei viktigaste måla. Dei har også sett i verk angrep fleire andre stader i landet, heiter det.

Taliban-talsmann Zabihullah Mujahid seier at angrepa i dag er starten på organisasjonen sin våroffensiv.

Han seier til nyheitsbyrået Reuters at angrepa i dag har vore planlagde i fleire månader.

Norske soldatar i området

Det er norske spesialsoldatar i dette området, men det er førebels uklart om desse er i kamp. Pressetalsmann hos Forsvarssjefen, Bent-Ivan Myhre, seier det på denne måten overfor NRK. no:

– Dei norske spesialsoldatane si oppgåve er å trene og mentorere den afghanske spesialstyrken «Crisis Response Unit», også når dei er i operasjon.

Sidan denne operasjonen er ei afghansk sak, så kan ikkje Forsvaret førebels kommentere om dei norske soldatane er involverte.

Når det gjeld dei ordinære norske soldatane i Kabul så er dei i stor grad knytte til stabsfunksjonar i ISAF.

Intens skyting i sentrum av Kabul.

Det er intens skyting mellom Taliban-opprørarar og politi i sentrum av Kabul.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Major Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter seier til NRK.no at det er snakk om i underkant av 20 personar i sentrum av Kabul og på flyplassen.

– Vi har snakka med alle saman, og alle er trygge, seier Moen. Han opplyser at alle har våpen og tryggingsutstyr, og at dei følgjer dei ordrane som kjem frå ISAF-hovudkvarteret til ei kvar tid. Sidan dette er snakk om stabsfunksjonar, er det svært lite sannsynleg at dei kjem i kamp, seier Moen til NRK.no.

Ambassaden ikkje ramma

Den norske ambassaden er ikkje ramma av dei omfattande angrepa. UD vil ikkje kommentere kva dei tilsette på ambassaden gjer no eller kva tryggingstiltak som er sette i verk.

– Vi kommenterer aldri tryggingsrutinar på utanriksstasjonane våre, seier han til NTB.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre seier på Twitter at dei som jobbar på den norske ambassaden i Kabul er trygge.

Eit heilt nytt hotell, Kabul Star Hotel, skal vere sett i brann, ifølgje augevitne. Dei fortel at det har vore eit sjølvmordsangrep mot hotellet. Fleire angriparar skal ha greidd å kome seg inn i hotellet med automatvåpen. Ei politikjelde seier til CNN at angriparane har greidd å ta kontroll over hotellet, men dette er ikkje offisielt stadfesta.

Video 2afb064c-e4f8-49fe-9a53-4a3dbf0a51c7.jpg

Kabul Star Hotel angrepet av opprørere

Angrep fleire stader i Afghanistan

Samstundes blir det meldt at fleire sjølvmordsaksjonistar har innteke statlege bygningar i Logar-provinsen sør for Kabul. Dei har også gått til angrep mot eit politihovudkvarter og ein amerikansk militærbase.

Sjølvmordsaksjonistar har også gått til anrgep mot flyplassen i Jalalabad aust i Afghanistan, opplyser politiet. Her vart fleire menneske såra då dei to sjølvmordsbombarane sprengde seg sjølve i lufta like ved inngangen til flyplassterminalen.

Augevitne fortel også at opprørarar har teke kontroll over eiin bygning like ved ein politistasjon i provinsen Paktia aust i Afghanistan. NATO-helikopter skaut mot bygningen, vart det opplyst.

I ettermiddag seier ein talsmann for det afghanske innanriksdepartementet at kampane i provinsane Nangarhar og Paktia no er over. Samstundes seier han at mykje tyder på at Haqqani-nettverket har vore med på angrepa.

Video 73e60e58-fd22-44f9-87a6-d8dc9e214a29.jpg

VIDEO: Dramatiske bilete frå angrepet i Kabul.

Haqqani-nettverket er aktive både i Afghanistan og Pakistan, og er allierte med Taliban og Al Qaida-nettverket.

100 talibansoldatar sette ut av spel

Tidlegare i dag kunngjorde afghanske styresmakter at minst 100 talibansoldatar vart sette ut av spel dei siste dagane. Dei er anten drepne, såra eller tekne til fange, blei det opplyst.

Dette skal ha skjedd i eit samarbeid mellom afghanske regjeringsstyrkar og soldatar frå ISAF-styrken.

Det er uklart om angrepet mot ambassadeområdet i dag har nokon samanheng med denne offensiven.

– Tyder på framskritt

USA sin ambassadør til Afghanistan, Ryan Crocker, seier at måten afghanske tryggingsstyrkar har respondent på ei bølgje av koordinerte andrep, er eit klart teikn på framskritt.

– Vi har sett ein svært profesjonell framferd av dei afghanske tryggingsstyrkane, sa han til CNN.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt