Hopp til innhold

Taliban-leiar skoten etter intern krangel

Taliban-leiar mulla Akhtar Mansour er blitt alvorleg såra etter å ha blitt skoten etter ein krangel, ifølgje tenestemenn og militærkjelder i den afghanske hovudstaden Kabul.

Mohammad Mansour, Taliban-leiar

Taliban-leiar Mohammad Mansour skal ha blitt alvorleg skadd etter ein skyteepisode på eit internt Taliban-møte.

Foto: Handout / Reuters

– Mansour blei alvorleg såra. Han blei frakta til sjukehus, og vi veit ikkje om han overlevde, seier Sultan Faizi, talspersonen for Afghanistans første visepresident.

Taliban-leiaren blei såra i ei skotveksling i samband med ein verbal krangel på eit møte mellom militante leiarar nær den pakistanske byen Quetta, ifølgje tenestemenn i Kabul.

Hendinga vert sett på som eit bevis på at det går føre seg ein intern maktkamp i Taliban. Heilt sidan det vart kjent at tidlegare Taliban-leiar mulla Omar var død, så har det gått rykte om at det har vore ein intern maktkamp i islamistgruppa.

Fleire av toppane i Taliban skal ha nekta å stille seg bak den nye leiaren, fordi dei meiner valet av Mansour både skjedde for raskt, og at det var urettvist.

Skytinga skal ha skjedd under eit møte i heimen til tidlegare Guantánamo-fange Abdullah Sarhadi. Fleire kjelder i Taliban seier ifølgje nyheitsbyrået AFP, at møtet skal ha enda opp i ein krangel, og at Sarhadi etter kvart skal ha starta å skyte, og deretter skal også motparten ha svart med å skyte.

Opprørarar i Taliban stadfestar overfor nyheitsbyrået AFP at Mansour er blitt såra, men Taliban-talsperson Zabihullah Mujahid nektar for at det dreidde seg om ei skotveksling.

SISTE NYTT

Siste nytt