Hopp til innhold

Taliban forbyr kvinner å reise åleine

Nye reglar forbyr afghanske kvinner å reise langt utan mannleg følgje. Det blir og påbode å bruke hovudplagg på reisa.

Ei burkakledd kvinne venter på ein busstasjon i Kabul i september 2021

Ei burkakledd kvinne venter på ein busstasjon i Kabul. Heretter får kvinner ikkje reise åleine hvis turen er over 72 km.

Foto: BULENT KILIC / AFP

Dei nye reglane vart sende ut av det som vert kalla moralpolitiet sundag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Kvinner som skal reise lenger enn 72 kilometer, skal ikkje bli tilbode skyss om dei er utan følgje av eit nært familiemedlem, seier Sadeq Akif Muhajir som er talsmann for departementet. Han strekar under at reisefølget må vere ein nær mannleg slektning.

Kvinner på reise må og bere «islamsk hovudplagg».

Det er uklart korleis Taliban definerer kravet om islamsk hovudplagg. Det kan variere frå hijab (skaut), ansiktsslør eller burka som dekkjer heile kroppen.

Forbyr musikk i bilen

Det blir og forbode for drosjesjåførar og bussjåførar å gje kvinner som bryt reglane, skyss. Førarar blir og bedne om å slutte å spele musikk i biler og bussar.

Dei nye reglene blir no spreidde på sosiale medium.

Store plakatar med bilete av Taliban-leirarar heng over ein marknad i Kabul 26. desember.

Store plakatar med sitat og bilete av Taliban-leirarar heng over søndagsmarknaden i Kabul. Dei få kvinnene hadde dekt håret sitt.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Fordømmer

Fleire menneskerettsorganisasjonar har fordømt dei nye reglane.

– Dei nye reglane betyr ei utvikling i retning av at kvinner blir fangar, seier Heather Barr i Human Rights Watch til AFP.

Ho legg til at reglane vil hindre kvinner i å bevege seg fritt, å reise til andre byar og å drive handel. Dei vil og hindre kvinner i å flykte frå vald i heimen.

Afghanske kvinner demonstrerte for retten til utdanning og arbeid i Kabul 16. desember 2021

Afghanske kvinner demonstrerte for retten til utdanning, arbeid og politisk representasjon i Kabul før jul.

Foto: WAKIL KOHSAR / AFP

Fleire dekkjer ansiktet

Arbeidsløysa blant afghanske kvinner har auka sterkt etter maktovertakinga. På offentlege kontor og i skular er mange nekta tilgjenge til arbeidsplassane sine. Kvinnene er og mindre synlege i bybildet.

På gata i Kabul er det stadig fleire kvinner som ber nikab (berre opning til auga) og burka.

Endringa kom kort tid etter Taliban-overtakinga 15. august, men har vorte meir og meir tydeleg dei siste månadane.

Ei burkakledd kvinne foran ein matbutikk i Kabul 25. des 2021

Ei burkakledd kvinne handlar grønsaker i ein butikk i Kabul søndag. Den siste tida har fleire kvinner tatt burkaen i bruk igjen.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Reiv ned skilt

Det er det nye «Departementet for fremje av dydar og hindring av laster» som har laga reglane.

Eit varsel kom tidleg då skiltet på det gamle Departementet for kvinnesaker vart rive ned og erstatta av det nye namnet i september.

Inngangen til Talibans moralpoliti i Kabul, det tidligere kvinnedepartement.

Inngangen til Talibans moralpoliti i Kabul, det tidlegare kvinnedepartement.

Foto: HOSHANG HASHIMI / AFP

«Departementet for fremje av dydar og hindring av laster» var og namnet då Taliban regjerte på 90-talet, skriv BBC.

Kvinnelege tilsette i offentlege kontor og skular vart nekta å kome inn på arbeidsplassane sine kort etter maktovertakinga.

Oppløyste valkommisjonen

Søndag kom og meldinga om at Taliban har oppløyst den uavhengige valkommisjonen i landet og departementet for fred og parlamentariske spørsmål, melder nyheitsbyrået AP.

Valkommisjonen mottar og avgjer klager knytt til val.

Bilal Karimi som er talsmann for Taliban-regjeringa seier at både kommisjonen og departementet er «unødvendige».

Abdul Baqi Haqqani, på pressekonferanse i Kabul 26. des. 2021

Minister for høgre utdanning, Abdul Baqi Haqqani, kunne ikkje love kvinner skuleplass med det første då han heldt pressekonferanse i Kabul søndag.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Ingen nye løfter om jenter og skulegang

Mange jenteskular har og måtta stenge sidan august. Sjølv om Taliban offisielt har sagt at dei ikkje er imot at jenter får skulegang, er vidaregåande skular og universitet i praksis stengde for kvinner.

Abdul Baqi Haqqani som er minister for høgre utdanning, sa søndag at styresmaktene diskuterer spørsmålet om kvinner og utdanning, men at dei ikkje har konkludert.

– Det islamske emiratet er ikkje mot utdanning for kvinner, men vi er mot at kvinner og menn skal få utdanning i fellesskap, sa han til journalistar søndag, ifølgje AFP.

Haqqani sa at Taliban arbeider med å lage «eit islamsk miljø» der kvinner kan studere: Han åtvara samstundes om at det «kan ta tid», og spesifiserte ikkje når jenter og kvinner kan vende attende til skular og universitet i landet.

FN: Fare for hundersnaud

Fleire internasjonale hjelpeorganisasjonar og land har sagt at kvinner sine rettar er eit nøkkelkrav dersom Afghanistan skal få internasjonal bistand.

FN har åtvara om at 22 millionar afghanarar kan bli ramma av matmangel denne vinteren og at mange kan svelte.

Ei kvinne i nikab ber ein bilførar om skyss i Kabul 1. juledag. Heretter kan ho ikkje få skyss utan å ha følgje av ein nær mannleg slektning.

Mange svelt i vinter i Afghanistan. Denne kvinna i nikab vart avbilda medan ho tigga i Kabul 25. desember.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Krav om hijab på TV

Tidlegare i haust kravde departementet at afghanske fjernsynskanalar måtte stanse underhaldningsprogram som viste kvinnelege skodespelarar.

Kvinnelege nyheitsopplesarar fekk påbod om å bere skaut på TV-skjermen.

Taliban har og stengt nesten halvparten av media i landet sidan august, ifølgje ei undersøking som Reporterar utan grenser og den afghanske journalistorganisasjonen AIJA har gjort. Al Jazeera skriv at 84 prosent av kvinnelege journalistar har mista jobben. For menn er talet 52 prosent.

Då Taliban sist regjerte landet på 1990-talet, vart kvinners rettar sterkt avgrensa. Dei vart pålagde å bruke burka, dei fekk berre forlate heimen med mannlege følgje, og dei fekk korkje gå på skule eller arbeide utanfor heimen.

SISTE NYTT

Siste nytt