Hopp til innhold

Taliban drep 35 afghanske soldatar dagleg, og forhandlar samtidig om fred

Måndag døde 126 menneske då Taliban angreip eit treningssenter for Afghanistans etterretning. Det er eit av mange angrep Taliban har utført, samtidig som dei har starta opp nye fredssamtalar.

AFGHANISTAN-UNREST

Ein militærbase sør for Kabul vart måndag angripe av Taliban. 126 afghanarar døde i angrepet. Samtidig starta Taliban opp att fredssamtaler med USA i Qatar.

Foto: STR / AFP

Dei første meldingane som tikka inn om måndagens angrep fortalde om 12 døde, men utover måndagen har talet vakse til over 126 drepne menneske i angrepet på eit treningssenter for afghansk etterretning i Maidan Shahr, nokre få mil sør for hovudstaden Kabul.

– Me har informasjon om at 126 menneske er drepne i ein eksplosjon inne på treningssenteret, deriblant åtte spesialsoldatar, fortel ei høgtståande kjelde i det afghanske forsvarsdepartementet til nyheitsbyrået Reuters.

Eksplosjon og skyting

Taliban utfører angrep dagleg, og militære kjelder seier det i snitt vert drepe 35 medlem av afghanske tryggingsstyrkar kvar dag, men måndagens angrep er uvanleg stort.

Det starta med ein bileksplosjon utført med ein militær Humvee-bil som angriparane hadde teke frå afghanske regjeringsstyrkar. Etter bileksplosjonen starta dei tre angrepsmennene å skyte inne på det militære området.

Dei tre angriparane hamna etter kvart i skotveksling med afghanske tryggingsstyrkar, og dei tre mennene vart til slutt drepne. Men dei klarte altså å drepe over 100 afghanske soldatar før angrepet var over. Det er nyheitsbyråa AFP og Reuters som formidlar dette.

Fredssamtalar på ny måndag

Angrepet skjer same dag som Taliban tek opp att tråden med USAs spesialutsending for Afghanistan, Zalmay Khalizad, i Qatar. Der vert det forhandla om ein avtale som kan sette punktum for 17 år med krig i det asiatiske landet.

NRK har tidlegare skrive om korleis Taliban utfører angrep samstundes som dei driv med fredssamtalar. Afghanistan-ekspert og fredsforskar ved institutt for fredsforsking, PRIO, Kristian Berg Harpviken, seier dette vert gjort av Taliban for å vise styrke og for å posisjonere seg godt for forhandlingar.

Ifølge militære kjelder i landet vert det for tida drepe 35 afghanske tryggingsstyrkar kvar dag i gjennomsnitt.

USA har trappa opp forsøka på å forhandle fram ei løysing som kan bidra til ein fredsavtale, slik at utanlandske styrker kan forlate Afghanistan. Men samtalane som starta 17. desember i fjor har gått trått, mellom anna fordi Taliban ikkje ønskjer at den afghanske regjeringa skal vere ein part i forhandlingane.

Taliban har kravd å forhandle om fred direkte med USA, og ikkje via den afghanske regjeringa som dei kallar «marionettane i Kabul».

Over 20.000 utanlandske soldatar att

I august i fjor sa Harpviken til NRK at også USA ville starte direkte samtaler med Taliban, for å få fortgang på fredssamtalane.

– No har også USA sagt at regjeringa i Kabul må godta forhandlingar mellom Taliban og USA. Tolmodet til amerikanarane er i ferd med å ta slutt, alt tyder på at president Donald Trump vil ut av Afghanistan. Difor er også mange uroa for at ein får ei for rask uttrekking og at styresmaktene i USA ikkje har tolmod nok til å forhandle fram ein god avtale, sa Harpviken i fjor.

Taliban har i dag kontroll over store område av landet. Det var Taliban som regjerte i Afghanistan då USA vart utsett for fleire store terrorangrep den 11. september 2001, der Taliban og Al Qaida vart skulda for å stå bak.

Men sjølv om Taliban etter kvart vart erstatta av ei ny regjering har ikkje kampane i Afghanistan teke slutt. No har Nato sett punktum for sine operasjonar, men det er likevel over 20.000 utanlandske soldatar att i Afghanistan, deriblant nokre norske.

SISTE NYTT

Siste nytt