Hopp til innhold

Taliban avretta kvinneleg forfattar

Ein kvinneleg forfattar er drepen av det som høgst truleg er Taliban i Afghanistan i dag. Dette er det tredje angrepet på prominente kvinner i landet den siste månaden.

Forfattaren Sushmita Banerjee drepen av Taliban.

Sushmita Banerjee vart regelrett avretta av det som mest truleg var Taliban-krigarar.

Foto: SEBASTIAN D'SOUZA / Afp

Sushmita Banerjee er indisk statsborgar, men har i fleire år vore busett i Afghanistan. Ho er kjend for å vere ein sterk kritikar av Taliban, og ho vart internasjonalt kjend då ho gav ut boka «A Kabuliwala's Bengali Wife».

Boka vart seinare filmatisert i «Bollywood» i India med tittelen «Escape from Taliban», «Flukta frå Taliban».

Kjempa for kvinners rettar

Angrep presidentpalasset i Kabul

Også presidentpalasset i Kabul har vore utsett for angrep frå Taliban.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Sushmita Banerjee budde saman med den afghanske ektemannen sin, Jaanbaz Khan, i landsbyen Daygan Sorqala i Paktika-provinsen aust i Afghanistan. Ho har vore ein forkjempar for kvinner sine rettar, noko som har gjort henne svært upopulær i Taliban.

Ho har verka som medisinsk hjelpearbeidar i området, med gynekologi som spesialfelt. Folk som bur i området seier at ho var svært godt likt blant innbyggjarane.

Ei gruppe væpna menn kom til ekteparet sitt hus like før soloppgang onsdag morgon. Mannen opna døra, og han vart straks bunden fast av inntrengjarane. Så fann dei Sushmita Banerjee og drog henne brutalt ut av huset.

Den lokale politisjefen, Dawlat Khan Zadran, seier til nyheitsbyrået AP at inntrengjarane drog henne ut på ein veg, der dei skaut henne 16 gonger i hovudet, ifølgje AP. Han skuldar Taliban for angrepet.

Til Afghanistan med mannen

Banerjee kom frå Kolkata i India. Ho gifte seg og flytta med mannen til Afghanistan, og ho vart sjokkert då ho såg korleis kvinnene hadde det i landet, der Taliban hadde makta.

Taliban styrte Afghanistan frå 1996 til 2001, og det vart innført ei rad restriksjonar på kvinner. Blant påboda var at alle kvinner måtte gå med heildekkjande burka, dei fekk ikkje arbeide utanfor heimen og jenter fekk ikkje gå på skule.

Ho prøvde fleire gonger å flykte til India, og ho greidde det til slutt. Då hadde Taliban alt dømd henne til døden for å ha prøvd å flykte.

Den afghanske parlamentarikaren Fariba Ahmadi Kakar.

Parlamentarikaren Fariba Ahmadi Kakar vart kidnappa av Taliban, og det er uklart om ho er i live.

Foto: Mamoon Durrani / Afp

Heime i India skreiv ho boka om flukta frå Taliban i 1997, og filmen kom i 2003.

Angrep på kvinner

Sushmita Banerjee flytta ikkje tilbake til Afghanistan før Taliban vart fjerna frå makta etter den internasjonale intervensjonen i 2001. Taliban har sidan operert som ein opprørsgerilja, og den islamistiske organisasjonen har stått bak uttalege sjølvmordsaksjonar og andre typar angrep i landet.

Den siste månaden har det vore minst to andre angrep mot prominente afghanske kvinner.

Politikaren Fariba Ahmadi Kakar frå Kandahar-provinsen vart bortført av opprørarar, og det er uklart om ho er i live.

Bilkolonnen til den kvinnelege senatoren Rouh Gul Khirzad vart angripen av væpna menn tidlegare denne månaden. Ho vart alvorleg såra, medan den åtte år gamle dottera hennar og ei livvakt vart drepne. Mannen hennar og to andre born vart såra i angrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt