NRK Meny
Normal

Taleregistratoren til MS 804 henta opp

Taleregistratoren til EgyptAir-flyet som styrta i Middelhavet sist månad er funnen, opplyser egyptiske etterforskarar.

Vrakdelar frå MS 804

Dei første vrakdelane frå EgyptAir-flyet vart funne eit par dagar etter at flyet forsvann frå radaren.

Foto: HO / Afp

Eit fartøy utstyrt med ein robot som kan operere under vatn, har henta opp taleregistratoren frå havbotnen nord for den egyptiske kysten. I går kveld vart det meldt at vrakdelane frå flyet var lokalisert av same fartøyet.

Tre delar

Det er førebels uklart i kva stand taleregistratoren er. Er han intakt skal det gi informasjon om kva piloten og andrepiloten sa til kvarandre før styrten, og i tillegg skal registratoren også fange opp ting som skjer i bakgrunnen, slik som alarmar og liknande.

BBC melder at boksen som inneheldt taleregistratoren, vart henta opp av havet i tre delar. Den delen der taleregistratoren var, såg ut til å vere heil, heiter det i ei fråsegn frå dei egyptiske etterforskarane.

Ukjent årsak

Spesialfartøyet «John Lethbridge» som fann flyvraket og taleregistratoren er eigd av selskapet Deep Ocean Search, som har base på Mauritius i Indiahavet. Talregistratoren skal no undersøkjast nærmare i den egyptiske hamnebyen Alexandria, melder BBC.

Det er førebels uklart kva som eigentleg skjedde 19. mai i år, då ein Airbus 320-maskin frå EgyptAir på veg frå Paris til Kairo 66 menneske om bord, styrta i Middelhavet. Terror var lenge ein hovudteori som årsak til styrten, men ingen grupper har teke på seg skulda.

Dette veit vi om det forsvunne flyet

Det egyptiske militæret har funnet vrakdeler

Det egyptiske militæret har funnet vrakdeler

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt