Hopp til innhold
Kommentar

Talande Nobel-boikott

Det er sjeldan verdas mektigaste er på linje, men i fredsbyen Oslo er atomvåpenmaktene samla. I protest.

Nobelutstilling om ICAN, Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen

I sommar fekk kampen til fredsprisvinnar ICAN, Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen, eit gjennombrot: 122 land stemte for FN-forbodet mot atomvåpen.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Sett på spissen kan det presenterast slik: Ei handfull aktivistar på eit kontor i Genève ser ut til å ha skremt verdas atomvåpenmakter såpass at dei gjennomfører ein slags boikott av dagens nobelseremoni i Oslo Rådhus.

Det må bety noko.

Hibakusha – eit vitne

Setsuko Thurlow var 13 år gamal då atombomba eksploderte over heimbyen hennar, Hiroshima.

Ho såg soppskya og vitnar om grufulle hendingar som følgde. Ho mista den fire år gamle nevøen sin og såg han brenne opp innvendig. Ho mista skulekompisar og vener, men overlevde sjølv. Heile livet sidan har ho kjempa mot atomvåpen.

No er 85 år gamle Setsuko Thurlow i Oslo for å ta imot fredsprisen på vegne av ICAN, Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen.

Thurlow er Hibakusha – overlevande – og representerer dei nær 500 organisasjonane som aktivistane til Beatrice Fihn i Genève koordinerer.

Ambassadørane kjem ikkje

USA, som droppa bomba over Hiroshima, protesterer i dag ved ikkje å sende sin øvste diplomat til seremonien. Heller ikkje ambassadørar for dei andre landa som vedgår å ha atomvåpen deltar.

Verdas atommakter er dei mektigaste av dei mektige. Det er dei fem permanente medlemmene i FNs tryggingsråd – USA, Russland, Kina, Frankrike, og Storbritannia – og nokre til: Erkefiendane India og Pakistan har atomvåpen. Og isolerte Nord-Korea. Og Israel, men dei vedgår det ikkje.

Samkøyrt aksjon

Sjeldan eller aldri er dei einige. At verdas atomvåpenmakter har ein slags samla aksjon er interessant i seg sjølv. Skjønt samla: USA, Frankrike og Storbritannia har samkøyrt sin protest. Russland har kasta seg på. India og Pakistan seier ambassadørane er bortreist, mens Nord-Korea ikkje har ambassade i Oslo og derfor ikkje er invitert. Kinas ambassadør uteblir frå seremonien, som i alle år etter fredsprisen til Liu Xiaobo i 2010.

– Vi tykkjer det er leit, seier Olav Njølstad, sekretær i Nobelkomiteen.

Ei handfull aktivistar på eit kontor i Genève ser ut til å ha skremt verdas atomvåpenmakter såpass at dei gjennomfører ein slags boikott av dagens nobelseremoni i Oslo Rådhus.

Knut Magnus Berge

Ni atommakter

To gongar er atombomber brukt i krig – i Hiroshima og Nagasaki i Japan i 1945. Den gongen var USA aleine om å ha atomvåpen. Sidan har det internasjonale samfunnet forsøkt å få kontroll med utviklinga, med vekslande hell.

I dag finst altså ni atomvåpenmakter, blant dei Nord-Korea som i ordkrigen med USA held heile verda som gissel i desse tider.

Skremmande mengder våpen

Den viktigaste avtalen på nedrustingsfeltet er NPT – Ikkjespreiingsavtalen. Den trådde i kraft i 1970 og seier at land som har atomvåpen skal ruste ned, på sikt, mot at andre land ikkje skaffar seg slike våpen.

Seinare har nedrustingsinitiativa vore mange. Nokre av dei også ganske vellukka, som INF-avtalen mellom Gorbatsjov og Reagan i 1986 som avskaffa ei heil klasse mellomdistanserakettar. Og Start 1 nokre år seinare, som reduserte talet på langtrekkande våpen.

Men over 70 år etter Hiroshima og Nagasaki er atomvåpenlagra framleis skremmande store.

Forbod mot atomvåpen

Og verdas kjernevåpenstatar synest meir opptatt av modernisering av atomvåpen for tida, enn av nedrusting. Det er her ICAN kjem inn med ein ny vinkel, dei vil fokusere på dei humanitære konsekvensane av atomvåpen og jobbar for eit folkerettsleg forbod.

Argumentasjonen er logisk; når det eksisterer forbod mot kjemiske og biologiske våpen, mot landminer og mot klasevåpen, nettopp fordi dei humanitære lidingane er uakseptable, så må det same også gjelde kjernevåpen.

Det store gjennombrotet

Og i sommar blei kampen krona med det store gjennombrotet. Då 122 land stemte for FN-forbodet mot atomvåpen. Eit forbod som utfordrar dagens prinsipp om kjernefysisk avskrekking.

Det var denne tilnærminga som gav dei fredsprisen, og det var dette som skremte atommaktene til protest – til ambassadørboikott.

For det ligg vel ein ironi i at dei fleste av dei protesterande atomvåpenmaktene har forplikta seg til å avskaffe sine kjernevåpen? På sikt.

SISTE NYTT

Siste nytt