Hopp til innhold

Syriske regjeringsstyrkar braut IS-blokade i Aleppo

Syriske regjeringsstyrkar braut i dag IS-blokaden av ein viktig flybase i Aleppo-provinsen nord i landet, der fleire hundre regimesoldatar har vore isolerte frå omverda i over to år.

Syriske regjeringssoldatar i Aleppo.

Syriske regjeringssoldatar braut i dag blokaden av flybasen Kweires i Aleppo-provinsen. Her frå landsbyen Sheikh Ahmad like utanfor basen.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

Den militære flyplassen Kweires har vore omringa av den islamistiske terrororganisasjonen IS i over to år. Fleire tidlegare forsøk på å bryte blokaden har vore mislukka, men i dag lukkast regjeringssoldatane.

AFP melder at ei gruppe soldatar greidde å bryte seg gjennom blokaden vest for flyplassen, slik at dei greidde å ta seg inn på sjølve flybasen.

– Kan opne for russiske fly

Bombeangrep nær flybasen Kweiris i Aleppo-provinsen.

Røyk stig opp frå granatnedslag under kampane utanfor flybasen Kweires i dag.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) opplyser at regjeringsstyrkane hadde støtte frå libanesiske Hizbollah og frå iranske og syriske militssoldatar i kampane. SOHR melder også at IS har henta forsterkingar til området, og at dei kan førebu eit motangrep.

Ei militær kjelde seier til nyheitsbyrået Reuters at den syriske hæren no jobbar med å sikre flybasen, der soldatane har vore under angrep frå IS i over to år. Det har ikkje vore mogleg å få inn forsyningar til basen.

Straks basen er ferdig sikra, så vil også russiske fly kunne bruke han i sine angrep mot IS og andre opprørsgrupper, seier kjelda.

Det statlege syriske fjernsynet viste direktebilete frå basen i dag, og ein utsliten, men entusiastisk reporter annonserte at blokaden var broten. Samstundes vart det spelt militærmarsjar og vist arkivbilete av militærøvingar, melder Reuters.

– Kjem aldri til å knele

– Vi dediserer denne sigeren til president Bashar al-Assad, og vi lovar han å halde fram kampen heilt til heile Syria er fritt igjen. Vi kjem aldri til knele for IS, sa ein av dei syriske soldatane på telefon til fjernsynsstasjonen.

Innslag frå Kveldsnytt

VIDEO: Framgang for regjeringsstyrkane i Syria

Soldatar som hadde vore innestengde på basen dei siste to åra, fekk snakke med familiemedlemer direkte på fjernsyn.

Dette er den første større framgangen til den syriske regjeringshæren sidan Russland starta sin bombekampanje mot opprørsgrupper 30. september. Militære kjelder seier til AP at dei russiske bombeangrepa har vore medverkande til at regjeringsstyrkane greidde å bryte IS-blokaden i Aleppo i dag.

Det statlege fjernsynet melder at fleire titals IS-krigarar er drepne i kampane i dag. Ein soldat inne på basen seier at dei fann fleire hundre døde IS-krigarar inne på området.

Syriske militssoldatar i Aleppo.

Militssoldatar som støttar den syriske regjeringshæren deltok i kampane mot IS i Aleppo-provinsen i dag. Ein drepen IS-krigar ligg på bakken.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

Angrep mot Latakia

Medan regjeringsstyrkane har hatt framgang i Aleppo-provinsen, så gjekk IS til eit kraftig granatangrep mot den regimekontrollerte byen Latakia, eitt av dei områda i Syria der Assad-regimet har sterkast støtte. Angrepet var retta mot dei austlege bydelane i Latakia, og eit universitetsområde vart ramma, melder nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje syrisk fjernsyn vart 22 menneske drepne og 62 andre såra i angrepet.

Over 250.000 menneske er drepne sidan borgarkrigen i Syria starta i mars 2011. Fleire millionar menneske er på flukt.

Fahed (30): – Jeg er den eneste fra Syria i Fjellhallen

Erna i flyktningleir i Libanon

SISTE NYTT

Siste nytt