NRK Meny
Normal

Syriske naudhjelpsorganisasjonar bryt med FN

Fleire enn 70 humanitære organisasjonar skuldar FN for å la det syriske regimet manipulere hjelpeinnsatsen og frårøve tusenvis av menneske i dei omringa områda av landet naudhjelp.

SYRIA-CONFLICT-AID

Ein konvoi med bilar frå FN og syriske raude halvmåne, som også er blitt skulda for å ta Assad si side.

Foto: ABD DOUMANY / Afp

Naudhjelpsgruppene, som jobbar både i Syria og frå nabolanda Jordan, Libanon og Tyrkia seier i eit brev til FNs humanitære koordningeringskontor i Tyrkia at dei trekk seg frå mekanismen for informasjonsdeling med FN, som har prøvd å lette leveringa av naudhjelp, melder Ap.

– Mekanismen har feila, seier Ahmad Taraki frå den syriskamerikanske legeforeininga til New York Times.

Meiner det syriske regimet manipulerer FN

Saman med det regimefiendtlege syriske sivilforsvaret, som opererer i opprørskontrollerte område, er foreininga til Taraki blant dei som har skrive under brevet. Han seier at brevet er eit resultat av frustrasjonen dei kjenner etter gjentekne tilfelle der naudhjelp har blitt blokkert av regimet.

Dette er «eit første steg for å svare mot den politiske påverknaden frå Syrias regjering og passitiviteten til FN sine kontor i Damaskus», skriv dei.

Dei 73 gruppene, som ifølge dei sjølve til saman leverer humanitær assistanse til over sju millionar syrarar, ber også om ei etterforsking av FNs innsats i Damaskus.

SYRIA-CONFLICT

Det syriske sivilforsvaret, som er på opposisjonen si side, betre kjend som dei kvite hjelmane, her i Aleppo. FN-talsmann Stephane Dujarric rosar dei lokale naudhjelpsorganisasjonane, som ofte er først på staden.

Foto: THAER MOHAMMED / Afp

Den britiske avisa The Guardian skreiv sist veke at FN har gitt kontraktar verdt fleire titals millionar dollar til folk som er tett knytte til den omstridde syriske presidenten.

– Den syriske regjeringa har blanda seg i leveringa av naudhjelp i fleire tilfelle, og har blokkert leveransar til folk i omringa område. Den medvitne manipuleringa frå den syriske regjeringa og FNs sjølvtilfredsheit har spelt i lag. Dette har ført til endå større liding for det syriske folk, skriv dei.

– Syria er vår generasjons humanitære utfordring

– Vi kan ikkje skyte oss gjennom vegsperringar, seier FN-talsmann Stephane Dujarric, og minner om at dei opererer i eit svært krevjande terreng.

Syrias regjering krev på lik linje med fleire land at FN samarbeider med ei rekke autoriserte partnarar når det gjeld tenester som telefoni og bensin, fortel Dujarric.

Han rosa dei andre naudhjelpsorganisasjonane, som ofte er først på staden, for «det enorme arbeidet» dei gjer. Han sa også at FN aldri har vore redde for å seie frå når regjeringa har ville fjerne medisinsk materiell frå konvoiane og blokkere tillatelsane til å levere hjelp.

LEBANON-FRANCE-SYRIA-REFUGEES-AID

Den franske naudhjelpsorganisasjonen Secours populaire leverer mat til syriske flyktningar i det sørlege Libanon. Humanitær naudhjelp har blitt ein del av det politiske spelet, seier Midtausten-forskar James Denselow.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / Afp

James Denselow, som forskar på Mistausten ved the Foreign Policy Centre i London, seier til Al Jazeera at Syria har blitt vår generasjons humanitære utfordring, der dei ulike aktørane gjer politikk av humanitære prinsipp.

– Nøkkelspørsmålet er om dette vil tvinge FN til ei ny tilnærming til korleis dei leverer naudhjelp eller om dei held seg til status quo, som vil bety mindre hjelp til dei som lev utanfor regimekontrollerte område, seier han.

USAs utanriksminister John Kerry møter sin russiske kollega Sergej Lavrov i Genève i dag for å halde fram med fredssamtalane. Samtidig held kampane i Aleppo fram, der regimet på ny har omringa dei opprørskontrollerte områda.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt