NRK Meny
Normal

Syrisk opposisjon: - Positivt for fredsforhandlingane

President Vladimir Putin seier at Russland vil trekkje dei fleste av soldatane sine ut av Syria. Den syriske opposisjonen reagerer positivt på meldinga og trur det kan vere positivt for fredsforhandlingane i Genève.

Vladimir Putin, Sergej Lavrov (t.v.) og Sergej Sjojgu.

Vladimir Putin møtte utanriksminister Sergej Lavrov (t.v.) og forsvarsminister Sergej Sjojgu (t.h.) i Kreml i dag.

Foto: MIKHAIL KLIMENTYEV / Afp

Putin sa under eit møte i Kreml i dag, der utanriksminister Sergej Lavrov og forsvarsminister Sergej Sjojgu at tilbaketrekkinga vil starta alt i morgon. Han gjorde det samstundes klart at Russland vil trappe opp rolla si i den syriske fredsprosessen.

Russlands president Vladimir Putin.

Vladimir Putin varsla uventa i dag at Russland vil trekkje dei fleste soldatane sine ut av Syria.

Foto: Alexei Nikolsky / Ap

Putin gjorde det likevel klart at dei russiske basane i Syria, ein marinebase og ein flybase, vil operere slik dei har gjort tidlegare. Han sa også at han har informert Syrias president Bashar al-Assad om avgjerda, og at Assad var samd i dette.

– Avtale med Putin

I ei fråsegn på det statlege syriske fjernsynet heiter det at Bashar al-Assad har inngått ein avtale med Vladimir Putin om å redusere nærværet til det russiske flyvåpenet i Syria.

Putin sa også i telefonsamtalen med Assad i dag at han håpar at fredsforhandlingane i Genève vil føre til konkrete resultat.

President Bashar al-Assad

Syrias president Bashar al-Assad er informert om den russiske avgjerda om å trekkje ut soldatar frå landet.

Foto: ARD

– Den oppgåva vi gav til dei væpna styrkane våre er utført, så eg gir forsvarsdepartementet ordre om å starte tilbaketrekkinga av hovuddelen av styrken vår frå Syria i morgon, sa Putin til forsvarsminister Sergej Sjojgu i ein sekvens vist på russisk fjernsyn i ettermiddag.

Tartous og Hmeymim

Putin sa altså at Russland framleis vil ha soldatar i Syria, og han sa ikkje noko om når tilbaketrekkinga skal vere fullført. Det skal heller ikkje skje endringar ved marinebasen i Tartous eller ved flybasen i Hmeymim i Latakia-provinsen.

Den russiske presidenten sa blant anna at den militære innsatsen til Russland i Syria har endra både krigsbiletet og den politiske situasjonen.

– Vi har gjennom innsatsen vår lagt grunnlag for ein fredsprosess, sa Putin blant anna.

Putin gjorde det også klart at Russland også i framtida vil støtte Syrias kamp mot terrorisme. Ein talsmann for Putin seier til Reuters i kveld at Putin og Assad ikkje diskuterte Assad si rolle i framtida under telefonsamtalen.

Direktesnutt fra Dagsrevyen.

VIDEO: Moskva-korrespondent Morten Jentoft om den varsla russiske tilbaketrekkinga frå Syria.

Fem år sidan starten

I morgon er det fem år sidan dei omfattande demonstrasjonane mot Assad-regimet starta i Syria. Regimet slo hardt ned på demonstrasjonane, og situasjonen utvikla seg til ein svært blodig borgarkrig.

Ein talsmann for den syriske opposisjonen, som deltek i fredsforhandlingane i Genève, seier i ein kommentar til den varsla russiske tilbaketrekkinga, at dersom Russland meiner alvor med det, så vil det vere positivt for forhandlingane.

Ein amerikansk talsmann seier til Reuters at USA hittil ikkje har sett noko teikn på at Russland førebur ei tilbaketrekking frå Syria.

Syriske myndigheter til NRK: Nekter å forhandle om Assad

Hvorfor er Aleppo så viktig?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt