Hopp til innhold

Syria: – 33 drepne i Hama

33 menneske blei drepne då syriske regjeringsstyrkar gjekk til åtak på byen Hama søndag, opplyser ei syrisk menneskerettsgruppe.

Åtak mot den syriske byen Hama

Åtaket mot byen Hama tok livet av 33 menneske, ifølgje ei menneskerettsgruppe.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Blant dei drepne var sju born. Det var også fem kvinner og fire militære avhopparar blant ofra.

Regjeringsstyrkane brukte både maskingevær og rakettar mot Hama, ifølgje menneskerettsgruppa Syrian Observatory for Human Rights, som held til i London.

Tryggingsrådet fordømmer massakre

Åtaket skjedde berre to dagar etter massakren i byen Houla.

108 menneske blei drepne i Houla, og søndag kveld fordømte Tryggingsrådet i FN syriske styresmakter for massakren.

Rådet krev også at president Bashar al-Assad trekkjer sine militære styrkar ut av byane i landet.

– Drapa på sivile i Houla er eit brot på fredsplanen til FN-spesialutsendingen Kofi Annan, seier den britiske FN-ambassadøren Mark Lyall Grant.

Syria avviser skuldingane

Den syriske FN-ambassadøren Bashar Jaafari avviser at styresmaktene står bak drapa i Houla.

– Eg fordømmer det som er ein tsunami av løgner mot syriske styresmakter i Tryggingsrådet i FN, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt