Hopp til innhold

Syr skotsikre vestar for born

Eit ukrainske firma i Lviv har utvikla ein skotsikker vest som er tilpassa born ned i fireårsalderen. Vestane blir brukt til å evakuere born frå krigssoner i Ukraina.

Skotsikker vest for born

Vesten er designa som ein redningsvest slik at han er lett å ta på og stroppane gjer det enklare å bere med seg barnet skulle det vere nødvendig.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Han veg ikkje meir enn 2 kilo. Hjelmen er 4 kilo. Men dette verneutstyret kan redde livet til mange born.

Ved industriparken til «Lviv Defense Cluster» syr dei no spesiallaga skotsikre vestar for born.

Dei oppfyller alle NATO-krav, og har blitt testa under dei mest krevjande forhold av hæren, men også av dei tilsette ved fabrikken.

– Vi måtte evakuere heile familien vår frå Kharkiv på grunn av russarane si bombing. Eg skulle ynskje vi hadde slike vestar då, fortel Aleksander Csehunov, som no arbeider i produksjonen.

Liknar på redningsvestar

Dottera Angelika er 7 år. Ho har lært seg korleis ho skal ta på seg vesten og ho gjer det veldig raskt.

– Det er ikkje ubehageleg. Eg kan gå, sitte og leike medan eg har han på meg. Det einaste eg ikkje liker er hjelmen, den er veldig tung, fortel Angelika til NRK.

Dei vanlegaste truslane for born som blir evakuert frå krigssoner er sprut av glas og betongrestar.

Vesten er designa slik at han ser ut som ein klassisk redningsvest som blir brukt til sjøs. Dette for å gjere det tydeleg at dette er sivile born. Vesten har stroppar slik at foreldra om nødvendig lettare kan bere med seg barnet.

Skotsikker vest og plater

Heile sikkerheitspakken inkluderer vest, hjelm og skotsikre plater i polyetylen. Dette gjer plata mykje lettare og enklare for born å bruke.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

Les også For drøy for Putin

Portretter av Anton Krasovsky, Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj

Sel ikkje vestane

– Vi produserer barnevestar i 3 størrelsar. For aldersgruppene 4-6, 7–10 og 11–14 år, fortel Maksym Pliekhov, administrerande direktør i Lviv Defence Cluster.

Meir enn 500 av vestane var allereie i bruk under evakueringa av sivile frå byar som Mykolajiv, Bakhmut, Luhansk og Donetsk.

– Etter evakueringa samlar hæren inn vestane og brukar dei igjen der det er mest behov for det, fortel kommunikasjonssjef Anton Fedchenko til NRK.

Lviv Defence Cluster sel ikkje barnevestane. Selskapet samlar inn pengar for å dekke produksjonskostnadene og kvar einaste vest blir donert til den ukrainske hæren som hjelper til med å evakuere sivile.

Ifølge Unicef-tal frå august har rundt 1000 born blitt drepne eller skada sidan krigen byrja i februar. Det inneber i gjennomsnitt fem born om dagen.

Ifølge Unicef er 356 barn drepne mens 595 er såra i krigshandlingane.

– Og dette er berre dei tala som FN har klart å stadfeste. Vi trur det verkelege talet er mykje høgare, sa Catherin Russel, som er leiar for Unicef.

SISTE NYTT

Siste nytt