Hopp til innhold

Synåler i jordbær spreier seg: Fryktar smitteeffekt

I Australia fryktar helseministeren at nokon har kopiert fenomenet med å gøyme synåler i jordbær. Så langt er det funne nåler i seks delstatar, og no krev ministeren gransking.

Jordbær Australia

I Australia er det funne synåler gøymde inni jordbær i seks ulike delstatar. No er fleire typar jordbær trekte tilbake frå butikkane.

Foto: ERIK ANDERSON / Epa

– Dette er ei svært vondskapsfull handling, og det er eit generelt åtak på folk flest, seier Greg Hunt, helse- og matminister i Australia.

Den siste tida er det funne synåler gøymde i jordbær i seks australske delstatar. Ifølgje kanalen ABC er det så langt er rapportert om ni tilfelle, og minst éin person er send til sjukehus etter å ha ete ei nål.

Ifølgje BBC, ber helseministeren politiet om å etterforske sakene. Samtidig oppmodar han folk til å kutte opp jordbæra før ein et dei.

Lovar dusør

NRK skreiv om saka etter at det var funne synåler i jordbær i Queensland i førre veke. No er det også gjort liknande funn i New South Wales, Victoria, Australian Capital Territory, South Australia og Tasmania.

Politiet har førebels ikkje nokon mistenkte i saka, men har starta ei stor etterforsking for å finne den eller dei som står bak. Politiet ber alle som har tips om å ta kontakt.

I førre veke sa organisasjonen for australske jordbærbønder til australske News at dei hadde grunn til å tru at ein tidlegare tilsett med vilje har planta synåler i fleire pakkar med jordbær.

I Queensland har styresmaktene lova ein dusør på over ein halv million kroner for informasjon som kan hjelpe politiet å finne den eller dei som står bak.

Laster Twitter-innhold

Fryktar salet går ned

Jordbærprodusentar har uttrykt uro for at desse funna kan føre til at færre vel å kjøpe jordbær.

Fleire typar jordbær er no kalla tilbake frå butikkane, og matvarekjedene Coles og Aldi har fjerna jordbær frå hyllene i alle delstatane utanom éin.

Også på New Zealand har to av dei største daglegvarekjedene stoppa å selje australske jordbær.

SISTE NYTT

Siste nytt