Hopp til innhold

Svineinfluensa også i Italia

Det første tilfellet av svineinfluensa er stadfesta i Italia, melder nyheitsbyrået ANSA. På verdsbasis er det registert 596 smitta.

I dag er det også registrert smitte i Italia
Foto: NRK

Tilfellet er konstatert i regionen Toscana, opplyser ein talsmann for dei regionale helsestyresmaktene.

Den smitta er ein mann i 50-åra som kom heim til Italia frå Mexico 23. april. Han vart innlagd på sjukehus i Massa like utenfor Firenze.

Sjukehuset opplyser at mannen ikkje lenger har symptom på svineinfluensa, og at han er å rekne som frisk.

ANSA melder også at sju andre tilfelle i Toscana der det var mistanke om svineinfluensa, viste testane at dei ikkje var smitta.

På verdsbasis er det no registrert 596 stadfesta smittetilfelle av Influensa A (H1N1), som er det offisielle namnet på svineinfluensa.

Pr. 2. mai 2009 kl. 13.30 fordeler smittetilfella seg slik:

Mecixo (397 smitta, 16 døde), USA 141 (1 død), Canada (51),Storbritannia (15), Spania (13), New Zealand (13), Tyskland (5), Israel (2), Austerrike (1), Sveits (1), Nederland (1), danmark (1), Kina (1), Frankrike (2), Italia (1)

SISTE NYTT

Siste nytt