Hopp til innhold

Svikt i kontrolltårnet ved amerikansk flyplass

To passasjerfly med totalt 165 passasjerar om bord fekk ikkje kontakt med kontrolltårnet då dei skulle landa ved Reagan flyplass i Washington DC. onsdag.

Reagan National Airport, Washington

To passasjerfly måtte onsdag landa utan klarering på Reagan flyplass i USA, som følgje av ein kommunikasjonssvikt med kontrolltårnet.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Eit American Airlines-fly av typen Boeing 737 og ein Airbus 320 frå United Airlines gjorde fleire forsøk på å på kontakt med flygeleiaren i tårnet via fleire kanalar, men fekk ingen respons.

Landa utan klarering

Det er flygeleiaren i kontrolltårnet som skal gje klareringar og instruksar til fly som skal letta og landa.

Dei to passasjerflya kom frå Miami og Chicago. Pilotane som ikkje fekk kontakt med tårnet sirkulerte rundt flyplassen i lufta, før dei omsider bestemte seg for å gå inn for landing utan ei slik klarering.

Begge flya og alle passasjerar kom seg trygt ned på bakken til slutt. Det er svært uvanleg at det oppstår kommunikasjonssvikt mellom fly og kontrolltårn på amerikanske flyplassar.

Granskar feilen

Styresmakter i USA veit enno ikkje kva som var årsaka til problemet, men ser alvorleg på episoden.

Den amerikanske havarikommisjonen (NTSB) skal no granska feilen som oppstod natt til onsdag lokal tid.

SISTE NYTT

Siste nytt