Hopp til innhold

Sveriges utanriksminister: – Stengde grenser risikerer å skape djupe sår

Den svenske utanriksministeren Ann Linde er bekymra for at det nordiske samarbeidet vert skada av koronatiltaka.

MNB5cvd92OQ

Sveriges utanriksminister Ann Linde.

Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP

Å stenge grensene risikerer å skape djupe sår, seier Sverige sin utanriksminister Ann Linde (S) til den svenske avisa Dagens Nyheter.

– Eg er bekymra for kor lenge vi vil ha desse såra, seier Ann Linde.

No fryktar den svenske utanriksministeren at det at Sverige vert halde utanfor skal skape varige sår.

– Eg er uroleg for at det nordiske samarbeidet skal bli negativt påverka, framfor alt i grenseområda, seier Ann Linde til den svenske avisa Dagens Nyheter.

– I fleire regionar har ein samarbeidd sidan 1950-talet. Heilt plutseleg blir det rivalisering og harde kjensler mellom folk der det ikkje har vore nokon grenser i det heile. Eg kan føle ein genuin bekymring for korleis det vil bli påverka, seier Linde.

Ho er særleg uroa for pendlarar, helsesamarbeid og næringsliv i grenseområda som er avhengig av opne grenser og tilreisande.

Desse landa kan nordmenn no reise til i Norden.

HER KAN DU REISE: Nordmenn kan no reise til Finland, Island, Danmark og Gotland utan å hamne i karantene når dei kjem heim. Men reiser du til Sverige må du framleis i karantene.

Foto: NRK

Store regionale forskjellar i smittetala

Verken norske eller danske styresmakter har opna grensene for Sverige etter koronautbrotet.

– Dei må ta den avgjerdene dei meiner er viktige for å verne borgarane sine. Faktum er at dei har hatt eit mykje mildare utbrot enn det vi har hatt. Vi har forklart dei at vi har hatt ei veldig regional utvikling. I grenseområda er det slett ikkje som i Stockholm, seier Ann Linde til den svenske avisa Dagens Nyheter.

– I København er det til dømes betydeleg fleire døde enn i Skåne. Om ein samanliknar, har Skåne klart seg bra, medan København har klart seg dårleg.

Linde påpeikar at Sverige tillèt at danskar kan reise inn i Sverige.

– Men dei tillèt ikkje at skåningar får komme til dei, seier ho.

Vil samarbeide om kriterium for gjenopning

Helse og omsorgsminister Bent Høie kommenter saka i ein e-post til NRK:

Han skriv at dei har mål om å opne mest mogleg opp i Norden og at dei behandlar alle land likt med utgangspunkt i kriteria som dei la fram på ein pressekonferanse på fredag.

– Det er smittesituasjonen som må vere det overordna, skriv Høie.

Helseministeren seier Noreg skal samarbeide med dei andre nordiske landa. Målet er å lage mest mogleg like kriterium for å vurdere smittefaren frå region til region.

– Denne måten å opne grensene på vil også redusere sannsynet for at det vert behov for å stenge grensene igjen dersom smittesituasjonen endrar seg i ulike regionar. Vi håper vi kan opne så snart det er mogleg, skriv Høie.

Helseminister Bent Høie

VIL HA LIKE KRITERIUM: Helseminister Bent Høie.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Omstridt

Sverige valde tidleg mindre restriktive tiltak i kampen mot koronaviruset enn mange andre land. Helsestyresmaktene i landet ønska å avgrense smittespreiinga og verne risikogrupper, heller enn å prøve å stanse smittespreiinga heilt.

Svenskane si alternative linje i kampen mot koronaviruset har vekt internasjonal oppsikt og fått kritikk frå fleire hald.

I tråd med strategien har svenskane halde større delar av samfunnet ope, mellom anna skular og barnehagar. I slutten av mai låg Sverige øvst på statistikken over talet på personar som har døyd av koronavirus i verda per innbyggar.

Nyleg sa den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell at dei burde ha gjort meir for å bremse koronasmitten frå starten av utbrotet:

– Om vi skulle møte på same sjukdommen, med nøyaktig det vi veit om den i dag, trur eg vi ville ha gjort noko midt i mellom det som Sverige gjorde, og det som resten av verda har gjort, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt