Hopp til innhold

Sveriges statsminister og kona flytter fra hverandre

Den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt og kona Filippa separerer seg, opplyser pressesjefen til statsministeren.

Filippa og Fredrik Reinfeldt

Statsminister i Sverige Fredrik Reinfeldt og kona Filippa gjekk i dag ut med ei pressemelding om at dei skal separerast.

Foto: AXEL SCHMIDT / AFP

I dag blei det sendt ut ei pressemelding som informerer om at Fredrik og Filippa Reinfeldt har separert seg, ifølge SVT.

På tysdag blei det kjent at statsministeren og familien selde villaen i Täby nord for Stockholm, og kjøpte eit rekkjehus i same område.

Paret Reinfeldt gifta seg i 1992 og har tre born saman. Sidan 2007 har familien budd i statsministerbustaden Sagerska palatset.

Årsaka til separasjonen er ikkje kjent, og det er heller ikkje kjent om paret har tenkt å skilje seg.

Ei skilsmisse kan først skje etter ei separeringstid på seks månader dersom paret har born under seksten år. Dette gjeld også dersom begge er einige i skilsmisse.

Paret Reinfeldt har tre born på 18, 16 og 11 år.

SISTE NYTT

Siste nytt