– Vi må få ei ny ordning der eit samla Europa tek ansvar. Det betyr at vi treng eit nytt Dublin-system. Det er på tide å dra i gang debatten blant medlemslanda i EU, sa Löfven i dag under eit flyktningmøte på Malta.
Der er eit 50-tals europeiske og afrikanske statssjefar på plass for å diskutere flyktningkrisa.
Löfven meiner EU må opprette eigne mottakssenter i yttergrensene av EU, som han kallar «hotspots.»
Så kan ein solidarisk fordele dei som får innvilga asyl ved hjelp av ei kvoteordning, som gjer at byrdene blir fordelt jamt over heile EU og EØS området.
Statsminister Erna Solberg på Malta. Ho meiner ideen om ei ny ordning er god, men at den er utopisk på noverande tidspunkt.
Foto: Vestbakke, Anne Marte / NTB scanpixOmstridd avtale
Ifølge Dublin-avtalen skal ein asylsøkar bli returnert til det første landet han søkte asyl i. Ordninga vart til for å hindre sokalla «asylshopping», der asylsøkarar reiste frå land til land for å søke asyl.
Dette har ført til ei stor belastning på landa i yttergrensene av EU, som til dømes Hellas og Italia.
- LES OGSÅ: Italia truer med å skrote Dublin-avtalen
–Utopisk, meiner Solberg
Statsminister Erna Solberg deltek også på flyktningmøtet på Malta. Ho er positiv til ein felles europeisk flyktningpolitikk, men trur det er utopisk å få til ei kvotefordeling.
– Da må vi ha ei byrdefordeling, og det er jo den største utfordringa vi ser i EU. Men i den utopiske verda er kanskje dette ein god ide, sa Solberg til NRK.
Ser du for deg at dette kan bli ein diskusjon, at ein går ut av denne Dublin-avtalen, og oppretter ein ny avtale?
– Foreløpig trur eg dette er ein utopisk ide, sa Solberg.
Europeiske og afrikanske leiarar på trappa til den maltesiske statsministeren. Høgt på agendaen er flyktningkrisa.
Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters– Dublin er død
Den ungarske utanriksministeren Péter Szijjártó erklærte i dag Dublin-avtalen som død. Landet vil ikkje lenger ta imot Dublin-returnerte asylsøkarar.
– Viss nokon reiser landevegen frå Syria til Europa, er det fysisk umogleg for dei å kome til Ungarn som første land i EU. Difor finst det ingen grunn til å returnere asylsøkarar tilbake til Ungarn, sa Szijjarto.
Den ungarske statsministeren Viktor Orban på Malta. Han har bygd gjerde for å halde asylsøkarane vekke. Han er også kritisk til Dublin-avtalen.
Foto: Alessandra Tarantino / ApDessutan er det ingen som lenger respekterer regelverket la han til.
Tyskland er blant landa som har valt å på eige initiativ å sjå vekk frå Dublin-reglane. Dette har skapt mykje falsk von, meiner den ungarske regjeringa.
Tyskland har no sagt at dei vil byrje å sende asylsøkarar tilbake til førsteland igjen.