Den svenske regjeringa hasteinnkalla til ein pressekonferanse tysdag. Forholdet mellom Sverige og Tyrkia er spent etter ei koranbrenning utanfor Tyrkias ambassade i Stockholm laurdag.
Fleire arabiske land har fordømt koranbrenninga, og folk har teke til gatene for å demonstrere mot handlinga.
Demonstrantar samla seg utanfor Sveriges ambassade i Ankara tysdag.
Foto: Burhan Ozbilici / APHendinga kjem medan Sverige står midt oppe i ein søknadsprosess for å bli medlem av Nato. Men Kristersson sa at koranbrenninga ikkje skulle få stoppe prosessen, og at det ikkje finst viktigare tryggingsspørsmål i Sverige akkurat no.
– Dette her er alvor på ordentleg, sa han.
Krefter som motarbeider
Kristersson sa at eit stort fleirtal i det svenske folket og i Riksdagen ønsker at Sverige skal bli Nato-medlem saman med Finland. Den svenske regjeringa gjer no det dei kan for å få gjennomført prosessen, sa statsministeren.
På same tid åtvara han mot motkrefter i det svenske samfunnet.
– La oss ikkje vere naive. Det finst krefter både i Sverige og utanfor Sverige som vil hindre Sverige å bli Nato-medlem. Og det er på den bakgrunn at det finst provokatørar som vil svekke Sveriges relasjonar med andre land, som leiar til at det svenske Nato-medlemsskapet står i fare.
Den svenske regjeringa stilte med forsvarsminister Pål Jonson, statsminister Ulf Kristersson og utanriksminister Tobias Billström på pressekonferansen om svensk Nato-medlemskap.
Foto: Pontus Lundahl / APUtanriksminister Tobias Billström (M) understreka at det er ytringsfridom i Sverige, og at regjeringa står opp for ytringsfridomen.
– Men det må vere mogeleg å ha to tankar i hovudet samstundes. Vi kan stå opp for ytringsfridomen og på same tid kritisere dei som brenn heilage skrifter for å provosere og splitte. Brenning av bøker har ei veldig mørk historie.
Kan ta tid
Den svenske regjeringa seier dei vil halde fram med å jobbe for å bli medlem av Nato. Men forsvarsminister Pål Jonson (M) sa at dette er ein prosess som kjem til å ta litt tid.
– Å bli medlem av Nato skjer ikkje på ei natt. Det tek tid. Men vi fått tryggingsmessige forsikringar frå ei rekke land som USA, Storbritannia og dei nordiske landa. Takka vere det er vi tryggare.
Han viste også til at 28 av dei 30 medlemslanda i Nato-landa, inkludert USA, har godkjent den svenske søknaden.
– No gjer vi alt det vi kan for å sluttføre søknadsprosessen til Sverige, og bli fullverdige medlemmar av Nato.
Vil ha dialog
Måndag sa Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at Sverige ikkje kunne rekne med tyrkisk støtte til søknaden etter koranbrenninga i Stockholm.
Det skulle etter planen ha vore eit møte mellom Tyrkia og dei to nye søkarlanda til Nato i februar. Men tysdag melde fleire nyheitsbyrå at møtet er utsett på ubestemt tid. Enkelte regjeringsvennlege medium skriv at møtet er avlyst.
Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan seier førebels nei til svensk Nato-medlemskap. Her frå ein pressekonferanse saman med Ulf Kristersson i november.
Foto: ADEM ALTAN / AFPKristersson håper dei kan kome på talefot med Tyrkia igjen, sjølv om han vedgjekk at det kunne bli vanskeleg.
– Eg har sagt heile tida at det berre er Tyrkia som kan fatte tyrkiske avgjerder. Det er sjølvsagt. Då må vi ha respekt for at andre land tek avgjerder basert på den informasjonen dei har.
På pressekonferansen bad han også om arbeidsro og eit lågare konfliktnivå framover.
– Vår samla bodskap er at vi vil mane til ro i prosessen slik at vi kan gjennomføre samtalane med Sverige, Finland og Tyrkia om Nato-medlemskapet.
Finland vil søke uansett
Det spente forholdet mellom Sverige og Tyrkia verkar også inn på Finland, som også ønsker å bli medlem av Nato.
Tysdag sa den finske regjeringa at dei opna for å halde fram søkeprosessen, dersom tyrkiske og svenske styresmakter ikkje skulle bli samde.
Finlands utanriksminister Pekka Haavisto under ein pressekonferanse tysdag, der han kommenterte den fastlåste situasjonen mellom Sverige og Tyrkia i samband med søkeprosessen til Nato.
Foto: LEHTIKUVA / ReutersDen finske utanriksministeren Pekka Haavisto sa tysdag morgon til YLE at hovudmålet er å komme inn i Nato saman med Sverige, men at dei måtte vurdere alternativ dersom prosessen skulle bli dregen ut i tid.
NRKs korrespondentar i Sverige og Tyrkia forklarer situasjonen. Sverige har søkt om å bli medlem i Nato saman med Finland, men de er avhengig av at Tyrkia godkjenner at de får bli med.
Utfordrande for Nato
Det var Russlands invasjon av Ukraina som gjorde at både Sverige og Finland valde å gå i gang med ein søkeprosess. Mange hadde nok rekna med ein rask prosess, men i staden blei det ein utfordrande prosess, seier professor ved Høgskolen i Innlandet og Nupi-forskar Marianne Riddervold.
– Nato er opptekne av å stå fram samla. I starten var det venta at dette skulle gå raskt. Det var få som såg føre seg at Tyrkia skulle sette ned foten på denne måten. Dette er veldig utfordrande for alliansen.
Forskar Mariann Riddervold i Nupi.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRKHo peikar på at mange av krava frå Tyrkia har lite med Nato å gjere.
– Dette er diskusjonar mellom Tyrkia, Sverige og Finland. Dei kom fram til ein avtale i fjor sommar om kva Sverige og Finland måtte gjere for å møte krava til Tyrkia.
Trur tyrkisk val kan bli avgjerande
Det skulle etter planen vere val i Tyrkia 18. juni. Men i helga kunngjorde Erdogan at han ville flytte valdatoen fram ein månad, slik at valet blir 14. mai i staden.
Sverige og Finland må nok finne seg i å vente til valet er overstått, meiner kommentator i Bergens Tidende og Tyrkia-kjennar Morten Myksvoll.
– I tida fram til valet er det ok uaktuelt for Tyrkia å gå med på noko som helst. På heimebane vil det nesten uansett sjå ut som at Erdogan gir seg i møte med PKK. Det er ikkje mogeleg for Erdogan, fordi han har basert seg på nasjonalistiske veljarar.
Kommentator i Bergens Tidende Morten Myksvoll.
Foto: Jon Bolstad / NRK