Ingen svensk våpenfabrikk i Saudi-Arabia

Forsvarsministeren i Sverige seier at det blir ingen saudiarabisk våpenfabrikk med svensk støtte, trass i ein avtale om rakettfabrikk på 35 bygg.

Lena Afelsohn Liljeroth, Fredrik Reinfeldt og Sten Tolgfors

Statsminister Fredrik Reinfeldt og forsvarsminister Sten Tolgfors avkreftar våpenfabrikk i Saudi-Arabia. Her saman med partifelle i Moderaterna Lena Afelsohn Liljeroth.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / SCANPIX / SCANPIX

Sveriges Radio meldte tysdag at Totalförsvarets forskingsinstitutt i Sverige har hjelpt Saudi-Arabia med å planlegge bygginga av ein rakettfabrikk sidan 2007.

LES: SVT: Svensk våpensamarbeid framkallar kvelningskjensler

Etter planen skulle rakettfabrikken omfatte 35 bygningar, og radioen har fått stadfesta dette samarbeidet av Dick Sträng som leia prosjektet fram til 2010. Han skal ha sagt at regjeringa kjenner dette arbeidet fullt ut.

No avkreftar forsvarsminister Sten Tolgfors at Sverige skal bygge ein slik fabrikk.

Avtalen har funne stad

Samarbeidet er ein del av ein avtale som den sosialdemokratiske regjeringa inngjekk med det saudiarabiske kongedømmet i 2005.

LES: SVT: Våpensamarbeid med Saudi-Arabia er hykleri

Både statsminister Fredrik Reinfeldt og forsvarsminister Tolgfors har vist til denne avtalen tidlegare, men har utelate detaljar på grunn av tausheitsplikt.

Ifølgje den svenske radiokanalen skal det svenske forsvarets forskingsinstitutt ha danna eit privat selskap som har ansvaret for samarbeidet med Saudi-Arabia, noko leiinga i forskingsinstituttet nektar for.

Brot på menneskerettane

Sten Tolgfors

Forsvarsminister i Sverige, Sten Tolgfors, avviser saudiarabisk våpenfabrikk med svensk støtte

Foto: JANERIK HENRIKSSON / SCANPIX / SCANPIX

Tysdag meldte NTB at svenske myndigheiter i all hemmelegheit hjelper Saudi-Arabia med å bygge opp ein våpenindustri.

Dette til trass for at landet blir fordømt for brot på menneskerettane, og opposisjonspolitikarane i Sverige reagerer sterkt.

– Sverige skal ikkje øydeleggje sitt gode rykte gjennom å støtte militærapparatet til diktatur, seier Gustav Fridolin i Miljöpartiet. Både han og representantar for Vänsterpartiet vil at forsvarsminister Sten Tolgfors må svare for seg i Riksdagen.

Ikkje våpenfabrikk likevel

Forsvarsminister Tolgfors og handelsminister Eva Björling seier no at regjeringspartia er einige i at det ikkje skal byggjast noko svensk våpenfabrikk i Saudi-Arabia likevel.

I det svenske utanriksdepartementet sin eigen landrapport får Saudi-Arabia massiv kritikk for brot på menneskerettane, både på mangel på demokratiske rettar og kvinnerettar samt for straffemetodar landet brukar.

Den borgarlege regjeringa har sjølv sagt at menneskerettar er eit prioritert område for utanrikspolitikken, og at landet ønskjer å bli medlem av FNs menneskerettsråd i 2013.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt