Hopp til innhold

Sverige ankar Assange-kausjon

Ein dommar i London avgjorde i dag at Julian Assange kan setjast fri mot kausjon. Den svenske påtalemakta varslar at dei vil anke avgjerda.

Video Assange løslates mot kausjon

Gry Blekastad Almås i London

NRK-korrespondent Gry Blekastad Almås er på plass utanfor Westminster Magistrate`s Court i London.

Foto: NRK
Advokaten til Julian Assange, Mark Stephens

Advokaten til Julian Assange, Mark Stephens

Foto: Carl Court / Afp
Bianca Jagger

Bianca Jagger vil vere med på å betale kausjonen.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters
Julian Assange

WikiLeaks-gründer Julian Assange (39) på veg til rettsmøtet i London i dag.

Foto: Carl Court / Afp

Klokka 15 i dag starta handsaminga av Wikileaks-gründer Julian Assange sin lauslatingsanke i Westminster Magistrate`s Court i London.

Like før klokka 16.30 vart det kunngjort at Assange blir sett fri mot kausjon. To timar seinare vart det klart at den svenske påtalemakta ankar avgjerda. Dette betyr at Assange må sitje i fengsel i nye 48 timar til anken blir avgjort.

Det var i ein periode full forvirring om ein eventuell anke. Advokat Mark Stephens sa til journalistar at den svenske påtalemakta ikkje kom til å anke. Dette viste seg å vere fullstendig feil.

2,2 mill. i kausjon

Dommar Howard Riddle avgjorde at Assange kan setjast mot ein kausjon på 240. 000 pund, eller over 2,2 millionar norske kroner.

Spørsmålet er kor lang tid det vil ta for støttespelarane til Assange å skaffe pengane. Blant dei som har sagt dei vil hjelpe til med å betale kausjonen er kjendisar som Michael Moore og Bianca Jagger. Bianca Jagger var også til stades i retten i dag.

Assange kjem også til å bli sett i husarrestm, og han må gå med elektronisk fotlenkje om han blir sett fri. Dessutan blir det teke beslag i passet hans. Han vil ha husarrest mellom klokka 22 og 02 kvar kveld, samt mellom 10 og 14 på dagtid, melder det svenske nyheitsbyrået TT.

Ein høgre rettsinstans skal avgjere anken innan 48 timar.

Ny høyring 11. januar

Datoen for ny høyring er sett til den 11.januar neste år.

Eit stort pressekorps og demonstrantar hadde møtt opp utanfor retten. Også sjølve rettssalen var full av journalistar, som denne gongen fekk lov til å oppdatera via Twitter.

Blant dei som twitra undervegs, var Jim Sciutto frå ABC News og Heather Brooke frå The Guardian.

Forsvararen til Assange, deen kjende menneskerettsadvokaten Geoffrey Robertson, kravde at klienten hans skulle setjast fri.

Svenske interesser

Den britiske påtalemakta representerte interessene til svenske styresmakter under høyringa i dag.

Det var på førehand venta at den britiske statsadvokaten ville be om fengsling fram til Assange kunne utleverast til Sverige, der han er meld til politiet for seksuelle overgrep mot to kvinner.

Under førre rettsmøtet fekk Assange nei til lauslating mot kausjon, då påtalemakta meinte at det var sannsynleg at han ville prøve å kome seg ut av landet.

Australiaren møtte i retten i London for første gong for akkurat ei veke sidan. Han vart pågripen av britisk politi førre tysdag, då han sjølv melde seg på ein politistasjon i den engelske hovudstaden.

Sidan det har Assange sete varetekstfengsla. Fredag måtte fengselsleiingaflytta Assange til ei anna avdeling av tryggingsgrunnar.

Demonstrerer for Julian Assange i London

Demonstrasjoner for Julian Assange i London

Foto: Matt Dunham / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt