Hopp til innhold

Svenske veljarar framleis usikre

Nærare 1,2 millionar veljarar er framleis opne for å skifte side i valet i Sverige.

Statsminister Fredrik Reinfeldt håpar å bli gjenvalt

Statsminister Fredrik Reinfeldt (Moderatarna) håpar å bli gjenvalt, men leiar for Socialdemokratarna Mona Sahlin har ikkje gitt opp å vinne valet.

Foto: SCANPIX SWEDEN / Reuters

Det er spesielt dei borgarlege som lurer på å bytte side når valdagen kjem 19. september. Av dei svarar 24 prosent av dei kan komme til å ombestemme seg. Blant dei raudgrøne er det 22 prosent som framleis ikkje har bestemt seg.

Det kjem fram i ei ny meningsmåling som er gjennomført av Sifo for Svenska Dagbladet.

Mobiliserer

Statsminister Fredrik Reinfeldt meiner det viser at det er mykje å jobbe for fram mot valdagen. Motstandarane gjer no alt dei kan for å mobilisere og få dei som ikkje har bestemt seg enno, til å stemme på dei.

– Det blir jo meir tydeleg at ein vender seg til dei som ikkje har bestemt seg enno, seier han, men legg til at dei ikkje gir opp.

– Det er framleis ikkje avgjort. Vi er klare over at det er mange som går inn i fasen der dei skal bestemme seg, seier han til avisa.

Stabilt Sverige

I dag har Reinfeldt tala i konservative område som byane Nacka og Taby. Han seier han er veldig klar over at veljarane kan bytte side i siste liten.

– Det er difor eg i talane har oppfordra folk til å tenke, til å stemme for ei sterk regjering, slik at vi kan halde fram med ei stabil fleirtalsregjering, seier Reinfeldt som meiner det er viktig å ha ei langsiktig tenking for å kunne halde Sverige samla.

SISTE NYTT

Siste nytt