Hopp til innhold

Svenske skal skape fred i Syria

FNs Generalsekretær Ban Ki-moon stadfesta i dag at det er svensk-italienske Staffan De Mistura som er utpeikt til å prøve å skape fred i Syria. De Mistura erstattar Lakhdar Brahimi som ga seg i februar utan å lukkast.

SYRIA-CRISIS/MEDIATOR File photo of UN Special Representative de Mistura speaking in Baghdad

Staffan De Mistura har svensk mor og italiensk far. Han har vore i FN-systemet sidan 70-talet. No skal han forsøke å skape fred i krigsherja Syria.

Foto: © Thaier Al-Sudani / Reuters / Reuters

Meir enn 162.000 menneske er drepne i Syria, og konflikten er godt inne i sitt fjerde år. Politikarar verda over ser inga lys i tunnelen, og FN sitt tryggingsråd klarar ikkje å bli einige om kva dei skal gjere.

Men trass den politiske ueinigheita mellom verdas stormakter, så har verdsorganisasjonen likevel utnemnt ein eigen Syria-utsending som skal prøve å få partane til å slutte fred.

Den forrige utsendinga, Lakhtar Brahimi, klarte å få partane til å snakke saman, og han var mannen som fekk mykje av æra for at den syriske styresmakter og opposisjon møttes i Geneve.

Og før Brahimi var det tidlegare generalsekretær Kofi Annan som prøvde å oppnå fred, blant anna ved å sende ein internasjonal observatørstyrke med norske Robert Wood i spissen.

Men verken Brahimi eller Annan klarte å oppnå konkrete resultat, og i februar sa Brahimi unnskyld til det syriske folk, samstundes som han ga seg som Syria-utsending.

FN har lenge jobba med å få på plass den rette personen til den viktige jobben, ein jobb mange ser på som umogleg. No er det altså svensk-italienske Staffan De Mistura som skal ta fatt på oppgåva.

De Mistura har tidlegare vore generalsekretærens spesialutsending til Irak, og i 2010 etterfulgte han den norske diplomaten Kai Eide som spesialutsending til Afghanistan. Det er venta at De Mistura også får med seg ein representant frå Den arabiske liga.

SISTE NYTT

Siste nytt