Hopp til innhold

Svensk parti vurderer straff for barn ned til 13 år

Landsmøtet i det svenske partiet Moderaterna skal ta stilling til eit forslag om å senke den kriminelle lågalderen frå 15 til 13 år.

Moderaternas landsmøte i Helsingborg 2021

Partileiar Ulf Kristersson sit i midten på første benk under Moderaternas landsmøte i Helsingborg.

Foto: Johan Nilsson / TT

Kampen mot kriminalitet er venta å bli viktigaste sak på landsmøtet i Helsingborg som varer til søndag. Innan då skal partiet vedta eit nytt politisk program som dei håpar skal føre dei til makta i valet neste år.

På bordet ligg ei lang rekkje kontroversielle forslag. Alle går i retning av å skjerpe straffereaksjonar og gje politiet nye våpen i kampen mot kriminelle.

Ifølgje SVTs kommentator Mats Knutson er det venta at debatten laurdag om lov og orden blir den viktigaste saka. Det ligg det an til at Moderaterna tek nye skritt i retning av å skjerpe justispolitikken sin og blankpusse lov- og orden-imaget.

Spørsmålet om å senke grensa for når ein person er strafferettsleg ansvarleg for eigne handlingar til 13 år, er svært omstridd. Det er hittil berre Sverigedemokraterna som har gått inn for dette.

I tillegg skal Moderaterna mellom anna ta stilling til om det skal bli tillate å føre anonyme vitne i svenske rettssalar.

Vil ha terrorlover mot gjengkrim

Eit forslag om å klassifisere gjengkriminalitet som terror, vil opne for nye moglegheiter både når det gjeld strafferammer og kva etterforskingsskritt som politiet kan nytte lovleg. Det kan til dømes bli tillate å proaktivt avlytte gjengkriminelle.

Partiet skal òg ta stilling til om politiet skal få rett til å ransake alle som oppheld seg innanfor visse spesielt krimutsette område, såkalla «visitasjonssoner» der det òg skal bli mogleg å gje dobbel straff.

Eit anna forslag der partiet kan endre syn, er om reglane for videoovervaking skal endrast slik at både kommunar og regionar i utsette område skal få utvida rett til å setje opp kamera på offentleg stad utan å søkje om det.

Natt til fredag denne veka vart den unge rapparen Einár skote og drepen i Stockholm. Han vart berre 19 år. Etter drapet kom det fram at han har levd med truslar i lang tid, og at han skulle vitne i ei pågåande rettssak mot eit kriminelt nettverk.

SISTE NYTT

Siste nytt