NRK Meny
Normal

Svenskar på sjørøvarjakt

Det svenske marinefartyet "Malmö" gjekk til aksjon mot ei gruppe sjørøvarar i Adenbukta utanfor kysten av Somalia i dag.

Ein svensk soldat har eit sjørøvarskip i sikte.

Video av den svenske aksjonen mot sjørøvarane.

- Sju sjørøvarar vart pågripne av personell frå den svenske korvetten MMS "Malmö" i natt. Dei vart tekne då dei prøvde å borde eit handelsskip i Adenbukta, heiter det i ei fråsegn frå den svenske marinen.

Svenskane gjekk til aksjon etter at MV "Antonis" sende om naudmelding om at dei var under angrep frå sjørøvarar.

Dei svenske soldatane har teke kontroll over sjørøvarskuta.

Dei svenske soldatane har teke kontroll over sjørøvarskuta.

Foto: Sergeant Mats Nystrom / Combat Camera / AP

Handelsskipet var framleis under angrep då "Malmö" kom til staden. Det vart skote varselskot med kanonar og maskingevær. I ly av dette borda ei gruppe elitesoldatar fiskebåten sjørøvarane var om bord i .

Det vart også teke beslag i to pistolar, ein GPS-maskin og ein stige, heiter det i fråsegna.

Sjørøvarane blir tekne inn til Djibouti.

Sverige har tre korvettar med eit samla mannskap på 152 som patruljerer i Adenbukta som del av EUs NAVFOR-Atalanta-styrke.

Like før dei svenske soldatane bordar fiskebåten med sjørøvarar

Dei svenske soldatane har nådd fram til sjørøvarskuta.

Foto: Sergeant Mats Nystrom / Combat Camera / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt