Hopp til innhold

Svenskane skal skyte 20 ulvar i vinter

I Sverige skal 20 ulvar skytast i vinter, har det svenske naturverndirektoratet bestemt.

Denne tispa vart skoten nær Kristinehamn sist vinter

Denne tispa vart skoten nær Kristinehamn sist vinter.

Foto: OLIVIER MORIN / AFP

– Vi har valgt å vere forsiktige i år, og vi legg oss på det lågaste tilrådde nivået, seier Susanna Löfgren i naturverndirektoratet.

Ho viser til at forskarane meiner ulvestammen kan vekse med 18-20 dyr i året med ein vekst på 13 prosent.

– Derfor har vi valgt å stanse på totalt 20 ulvar, seier ho til Sveriges Televisjon.

Skaut for mange i fjor

Ulvejakta startar 15. januar og varar ein månad. 3000 jegrar har meldt seg til jakta i år.

– Vi veit ikkje kor mange som vil delta i jakta seinare. I fjor var det mange som meldte seg, men som ikkje deltok, seier Löfgren.

I fjor vart det gitt løyve til å skyte 27 ulvar. 12.000 jegrar søkte om å få vere med på jakta. Kvoten vart fylt etter berre nokre dagar. Då jakta var over, hadde jegrane skote 28 ulvar.

Den svenske Riksdagen har bestemt at det ikkje skal vere meir enn 210 ulvar i landet. Det betyr at mange må skytast kvart år.

Skjerpar kontrollen

I fjor skaut jegrane ein ulv meir enn kvoten. I år skjerpar naturverndirektoratet kravet til at jaktleiarane skal oppdatere seg om korleis jakta går.

Dei skal også informere jegrane om risikoen ved skadeskyting, og de får berre skyte med stativ og mot sida på ulvar som står stille.

Jaktleiarane skal straks melde frå om døde og skotne ulvar, og kvar time skal dei kontrollere kor mange ulvar som er skotne andre stader i landet.

I år er det lagt opp til at jaktleiarane kan få informasjon om skotne ulvar via sms.

– På den måten får jaktleiarane raskt vite kor mange ulvar som er skotne, seier Löfgren.

SISTE NYTT

Siste nytt