Hopp til innhold

Svenska Dagbladet: Sveriges statsminister vil inn i Nato

Den svenske statsministeren Magdalena Andersson skal ifølge Svenska Dagbladet allereie ha bestemt seg for å søka om medlemskap i Nato. Sjølv vil ho ikkje kommentera spekulasjonane.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson står ute ved eit bord og held pressekonferanse saman med den finske statsministaren i Stockholm, Sverige.

INGEN KOMMENTAR: Sveriges statsminister Magdalena Andersson ville ikkje kommentera spekulasjonane i Svenska Dagbladet under pressekonferansen i dag.

Foto: PAUL WENNERHOLM / AFP

Onsdag tok statsminister Magdalena Andersson imot den finske statsministeren Sanna Marin i Stockholm. Moglegheita for å bli Nato-medlem var eit av tema som stod på agendaen.

– Eg synast, som Sveriges statsminister, at det er veldig viktig at me analyserer dette, sa Andersson på pressekonferansen.

Den svenske statsministeren fortalde at både Sverige sin utanriksminister og forsvarsminister jobbar med partia i Riksdagen med å sjå på moglegheitene for eit svensk Nato-medlemskap.

– Ut ifrå det kjem me til å gjera ei avgjerd i Sverige om kva som er best for det svenske folket og Sverige si tryggleik.

Svenska Dagbladet meldte tidlegare i dag at Andersson vil at Sverige skal bli medlem av Nato i juni. Statsministeren ville ikkje kommentera spekulasjonen på pressekonferansen i dag.

– Ingen val er utan risiko

Både i Finland og Sverige er Nato-debatten blitt meir aktuell som følge av krigen i Ukraina.

– Me har snakka om tidsplanen, når prosessen starta i Finland og Sverige, og at dei ikkje er så forskjellige. Eg trur det er god grunn til det.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson og den finske statsministeren Sanna Marin på veg til pressekonferanse.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson heldt i dag ein pressekonferanse saman med den finske statsministeren Sanna Marin (t.h.).

Foto: Paul Wennerholm / AP

Statsminister Andersson fortalde at dei har fått ei veldig grundig utgreiing frå Finland.

– Me har ein liknande, litt annleis, men liknande prosess i Sverige no. Eg meiner det er viktig å gjera ein seriøs analyse, og å tenka nøye gjennom desse spørsmåla.

Ho ser ingen grunn til å utsetta analysen eller prosessen.

Andersson seier at Finland og Sverige vil halda fram med sitt nære samarbeid, sjølv om kvart land har rett til å ta ei avgjerd åleine.

– Det er også klart at me må diskutera forskjellige moglegheiter, og at ingen val er utan risiko.

Ueinige om krav

Partiet til Andersson, Socialdemokraterna, har kalla inn til eit møte 24. mai der partiet ifølge svenske medium vil ta endeleg stilling til Nato-spørsmålet.

Socialdemokraterna kjem til å få den avgjerande stemma i det svenske parlamentet, Riksdagen.

Blant partia i Riksdagen er det usemje om kva som krevjast for å søka medlemskap i Nato.

Partiet Moderaterna meiner det er nok med eit enkelt fleirtal, altså meir enn 50 prosent av stemmene.

Socialdemokraterna meiner på si side at forslaget må få 75 prosent av stemmene i Riksdagen.

Finland varslar avgjerd innan veker

Sanna Marin

Statsminister i Finland, Sanna Marin.

Foto: PAUL WENNERHOLM / AFP

Den finske regjeringa la i dag fram ein rapport om endringar i landet sitt tryggleiksmiljø. Rapporten vil bli lagt fram til det finske parlamentet for vurdering.

Ifølge statsminister Sanna Marin vil Finland ta ei avgjer om Nato-medlemskap i nær framtid.

– Eg kan ikkje gje eit eksakt tidspunkt for ei avgjerd, men det vil gå fort. Det er snakk om veker, ikkje månader, sa Marin under pressekonferansen i dag.

Ho håper Sverige og Finland tek same avgjerd om medlemskap.

– Det ville vore bra om me tok same val i framtida, men det er ikkje eit krav. Men det ville vore veldig bra å ta same val og ha same tidsplan.

Les også Finlands president: Forberedt på kraftige russiske reaksjoner

Sauli Niinistö

SISTE NYTT

Siste nytt