Svenske Stefan Liv omkom i flyulukka i Jaroslavl i dag.
Foto: ALEXANDER NEMENOV / AfpUlukka skjedde i industribyen Jaroslavl i det sentrale Russland. Flyet, eit Jaak-42, ein av dei vanlegaste flytypane i Russland, skal ha styrta rett etter avgang. To skal ha overlevd styrten, men tilstanden for begge to blir karakterisert som alvorleg.
Augevitne har fortalt at flyet ramla rett ned like etter at det hadde teke av, og at det starta å brenne med det same det traff bakken. Russiske Sovosport melder at flyet ikkje greidde å kome opp i normal flyhøgde, og at det krasja inn i ei antennemast før det styrta i bakken.
Stefan Liv var ein av fem utanlandske spelarar på Lokomotiv Jaroslavl, som var om bord i flyet.
Stefan Liv er tidlegare landslagsspelar i Sverige og blei i 2008 kåra til den beste spelaren i Sverige. Han har vore med i fire VM dei siste ti åra og var med i troppen som vann OL-gull i Torino i 2006.
Delar av flykroppen hamna i elva Volga etter styrten.
Foto: Misha Japaridze / ApDet svenske utanriksdepartementet seier dei jobbar med å få oversikt om det er andre svenske statsborgarar innblanda i ulukka.
Stor ishockey-klubb
Lokomotiv er ein av dei største ishockeyklubbane i Russland og har fleire kjende spelarar i sin A-lagstropp. Ishockey-laget skulle til Minsk i Kviterussland for å spela sesongens første kamp mot Dynamo Minsk.
Flyet dei reiste med skal ha vore i ferd med å ta av frå flyplassen i Jaroslavl, 25 mil nordaust for Moskva, då det begynte å brenna.
Foto: Misha Japaridze / Ap– Me trur det var 37 passasjerar og eit mannskap på åtte om bord. 36 er truleg døde, medan ein skal vera skadd, sa talkvinne for kriseberedskapen i landet, Yelena Smirnykh til statleg fjernsyn tidlegare i ettermiddag.
Det har kome meldingar om at to overlevde ulukka, men det er motstridande informasjon om dette. Fleire russiske medium har meldt at alle om bord miste livet.
Blant spelarane som omkom er tre frå Tsjekkia, Jan Marek, Josef Vasicek og Karel Rachunek. Også Pavol Demitra frå Slovakia miste livet i ulukka.
Thoresen: – Eg kjende fleire av spelarane
Norske Patrick Thoresen spelar i den russiske ishocleyligaen KHL på laget SKA St. Petersburg. Han kjende mange av spelarane som har mista livet i flystyrten onsdag.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIXOm bord på flyet var det spelarar frå Sverige, Polen, Ukraina, Tsjekkia, Tyskland, Kviterussland, Latvia og andre land, seier ei ikkje namngitt kjelde som Interfax har snakka med.
Trenaren, Brad McCrimmon, er frå Canada, er blant dei omkomne.
LES OGSÅ:
Den norske ishockeyproffen Patrick Thoresen sat og åt på ein restaurant i St.Petersburg då han fekk sjokkbeskjeden.
– Eg ana fred og ingen fare, og så fekk eg denne beskjeden her. Eg kjende fleire av gutane på det laget. Dette er utruleg tragisk, seier Thoresen på telefon til NRK.
– Det var utruleg tøft å få denne meldinga. Eg har mange tankar i hovudet no, seier ein sorgtung Thoresen.
Flytypen YAK-42 er ein av dei vanlegaste i Russland og har plass til om lag 100 passasjerar.