Angrepet skal ha skjedd i samband med eit bortføringsforsøk, melder Sveriges Television,
. Dei to politikarane var i Somalia på oppdrag for eit demokratiprosjekt, der Ann-Margrethe Livh skulle halde ei forelesing på eit universitet.Student og politikar
Abdirahim Hassan var student og medlem i Unga Vänster i Akalla-Husby-Kista, og han var initiativtakar til demokratiprosjektet. Den drepne 24-åringen, som har somalisk bakgrunn, har også fungert som tolk på reisa. Også sjåføren deira vart drepen i angrepet.
Det svenske utanriksdepartementet har stadfesta at den såra kvinna er ein svensk statsborgar i 65-årsalderen, men kan førebels ikkje gi opplysningar om dei som vart drepne i angrepet. Livh er gruppeleiar for Vänstern i Stockholm bystyre.
Madelén Cartagena Castillo er ein slektning av Ann-Margrethe Livh, og ho fortel til SVT at tanta hennar har snakka med den såra politikaren. Ho skal ikkje vere livstruande skadd.
Innlagd på feltsjukehus
Ann-Margrethe er såra, men ho kan prate, seier ho. Den svenske politikaren er innlagd ved Den afrikanske unionen sitt feltsjukehus i Mogadishu.
Livh reiste til Mogadishu for tre dagar sidan. Skotdramaet skal ha skjedd rett framfor universitetet der ho skulle halde forelesing.
Tryggingsekspertar seier til SVT at måten dei svenske politikarane reiste på i Somalia var eit brot på reglane for utlendingar. FN-personell har totalt reiseforbod i området der angrepet fann stad.
Transport til Nairobi
Talskvinne Lena Tranberg i det svenske utanriksdepartementet opplyser at Ann-Margretha Livh har vore i kontakt med den svenske ambassadøren i Nairobi i Kenya for å førebu transport til Nairobi.
Det er mistanke om at den militante islamistiske gruppa Al-Shabaab står bak angrepet, men ingen har teke på seg skulda. Al-Shabaab har stått bak fleire andre angrep mot utlendingar i Somalia.
Presseansvarleg i Vänsterpartiet, Åsa Mattson, stadfestar at to av deira partimedlemer er i Somalia, og at dei har vore utsette for eit angrep.