Hopp til innhold

Svensk gjengmedlem ville ut av miljøet – drepen i København

Ein leiarfigur i ein kriminell gjeng var ein av dei to svenske statsborgarane som vart skotne og drepne utanfor København tirsdag, melder SVT.

To personer skutt og drept i København.

Det var to personar frå Rinkeby i Stockholm som vart skotne og drepne utanfor København tysdag ettermiddag.

Foto: Johan Nilsson/tt / NTB scanpix

Dei to mennene var 23 og 22 år gamle. 23-åringen var ein leiarfigur i gjengen, medan 22-åringen var med i ei lokal undergruppe, ifølgje kjelder med god kjennskap til gjengmiljøet, som SVT har snakka med.

Kjelda opplyser at 23-åringen har vore i kontakt med styresmaktene for å få hjelp til å kome seg ut av det kriminelle miljøet.

Han ville delta i eit program for kriminelle som vil hoppe av i regi av ein organisasjon som går under namnet Fryshuset.

– Liv og helse i fare

Han fekk avslag på dette, fordi nemnda som vurderte saka meinte han ville få betre hjelp av politiet sitt avhopparprogram. Nemnda gjorde det vidare klart at mannen hadde eit klart behov for å kome seg ut av den kriminelle livsstilen, og at hans liv og helse var i fare.

Det er uklart om dobbeltdrapet utanfor København er eit oppgjer mellom konkurrerande gjengar, eller om det kan vere eit internt oppgjer i Rinkeby-gjengen «Shottaz». Denne gjengen har i fleire år vore i krig med ein anna kriminell gruppering i Stockholms-området, «Dödspatrullen».

To personer skutt og drept i København.

Dobbeltdrapet skjedde i forstaden Herlev utanfor København seint på ettermiddagen tysdag.

Foto: Johan Nilsson/tt / NTB scanpix

Det har fleire gonger vore dødelege skyteepisodar mellom dei to gjengane. I dei fleste tilfella har ikkje politiet greidd å finne dei skuldige, skriv Expressen .

Rinkeby er ein typisk innvandrarbydel i utkanten av Stockholm. Bydelen er kjent for høg kriminalitet og store sosiale problem.

Minst ti skot

Dansk politi opplyser til Aftonbladet at minst ti skot vart fyrte av mot dei to svenskane. Bilete som avisa har fått tak i viser tyder på at det blant anna vart brukt Kalasjnikov maskingevær i angrepet.

Ein tredje person var også med i bilen til dei to som vart drepne. Politiet trudde først at han var ein av angriparane, men han er no sett fri. Det er uklart kor mange angriparar det var, men vitne har fortalt at det var fleire av dei.

Bilen til angriparane vart funnen tom ikkje langt frå drapsstaden. Bilen vart stolen i nærleiken av Kastrup før helga.

Det 23 år gamle drapsofferet har sona fleire fengselsdommar, blant anna for væpna ran.

Dansk politi stadfestar torsdag at dei to drapsoffera er svenske statsborgarar på 23- opg 21 år. Av omsyn til etterforskinga vil dei ikkje gi fleire opplysningar om dei drepne, men seier at det vart brukt både pistol og automatvåpen.

SISTE NYTT

Siste nytt