Reaktoren vart slått av klokka 23.52 nyttårsaftan, og kjem ikkje til å bli slått på igjen.
– Det er med eit snev av vemod, men med stor stoltheit i hjartet vi på nyttårsaftan kveld stengde Ringhals 1, og takka han for lang og tru teneste, seier direktør Björn Linde.
Sveriges største
Ringhals-reaktoren vart sett i kommersiell drift 1. januar 1976, og har levert 220 terawattimar straum, noko som dekker heile Göteborg sitt straumforbruk i del vel 44 åra den har vore i drift. Ringhals-reaktorane dekker rundt 20 prosent av straumforbruket i Sverige.
Ringhals ligg rundt 65 kilometer sør for Göteborg, i Väröbacka ved byen Varberg.
Reaktoren Ringhals 2 vart stengd i 2019. Rivinga av reaktoren startar neste år, og vil ta fleire år.
Dei attverande reaktorane, Ringhals 3 og 4, er bygde om så dei kan halde det gåande til 2041 og 2043.
Ringhals-anlegget er eit av Sveriges tre kjernekraftverk.