Hopp til innhold

Svart mann saksøker politiet i USA etter arrestasjon

Ein svart mann har saksøkt byen Galveston i Texas og politietaten der, etter at han blei ført gjennom gatene i eit tau av to kvite politimenn til hest.

Texas-mann ført bort bak hester av politi

Mange reagerte då Donald Neely blei arrestert og ført i tau gjennom gatene i Galveston av to politimenn til hest i fjor.

Det skapte reaksjonar då politiet i byen Galveston i Texas offentleggjorde ein video og bilde av arrestasjonen av ein svart mann i august i fjor.

Mannen, som heiter Donald Neely, var på det tidspunktet heimlaus, og sov på gata.

Då han blei arrestert, fekk han eit tau festa rundt seg, før han blei ført gjennom bygatene av to kvite politimenn til hest.

Skuldingane mot mannen blei seinare avvist i retten.

No saksøker Neely både Galveston og politiet i byen, og krev ein million dollar i erstatning for det som skjedde, skriv BBC.

Minte om slavetida

Fleire av dei sterke reaksjonane som kom i etterkant av offentleggjeringa, peika på at hendinga gav assosiasjonar til slavetida i USA.

Også i søksmålet blir det peika på dette. Framferda til politimennene blir kalla ekstrem og opprørande.

Neely skal også ha fått skadar både fysisk og psykisk etter arrestasjonen. Han skal ha blitt skrapa opp av handjerna han hadde på seg, og kjende seg audmjuka og redd.

Det blir understreka at politiet burde ha forstått at måten han blei ført gjennom gatene på, kunne verke støytande på mannen.

Styresmaktene i Galveston ønsker ikkje å kommentere søksmålet. Men politisjefen i byen sa i fjor at politifolka hadde vist dårleg dømmekraft.

Han sa at tauet ikkje var festa rundt Neely, men til handjerna han hadde på. Regelverket blei endra etter hendinga, slik at metoden ikkje skulle bli brukt igjen.

Gatekampar

Politiet i USA har i fleire tiår blitt skulda for å drive systematisk rasisme mot svarte. Det toppa seg i mai, då George Floyd døydde under ein arrestasjon i Minneapolis.

Ein politimann pressa kneet sitt mot nakken hans i ni minutt, medan Floyd ropte at han ikkje fekk puste.

George Floyds død i forbindelse med en arrestasjon har ført til sterke reaksjoner over hele verden. Dette bildet er malt på en mur i Betlehem på Vestbredden.

Drapet på George Floyd i Minneapolis i mai vakte reaksjonar over heile verda. Her er eit veggmåleri i Betlehem.

Foto: MUSA AL SHAER / AFP

Dei fire politimennene som deltok i arrestasjonen er sikta i saka, men er no sette fri mot kausjon.

Hendinga førte til protestar mot rasisme i fleire byar i USA. Men mange av dei fredelege demonstrasjonane utvikla seg etter kvart til opptøyar og gatekampar mellom politi og soldatar og aktivistar på både høgre- og venstresida.

SISTE NYTT

Siste nytt