Hopp til innhold

Suu Kyi: - Ikkje gløym Burma

Aung San Suu Kyi har sendt ein bodskap til verda via Kjell Magne Bondevik om at det internasjonale samfunnet ikkje må gløyme situasjonen i Burma.

Video Bodskap frå Aung San Suu Kyi

VIDEO. Sjå innslaget frå Dagsnytt 18.

Kjell Magne Bondevik er leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettar . Derfor har den burmesiske fredsprisvinnaren sendt bodskapen til det internasjonale samfunnet via den tidlegare norske statsministeren.

Fryktar at Burma blir gløymt

Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi har sendt ut ein bodskap til det internasjonale samfunnet.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters

Det var stor internasjonal merksemd rundt Burma i tida før og like etter at Aung San Suu Kyi vart sett fri frå husarresten, men sidan har interessa dabba. Ho er svært oppteken at Burma ikkje skal bli gløymt av det internasjonale samfunnet, seier Bondevik.

LES OGSÅ: Suu Kyi gjenforent med sønnen

LES OGSÅ: – Norge bør avvikle sanksjonene

- Ho er svært oppteken av at verda no ikkje må gløyme situasjonen i Burma. For om det blir stille utanfrå kan berre juntaen halde fram med overgrepa sine. Aung San Suu Kyi har strekt ut ei hand til regimet ved å tilby samarbeid, men ho er redd for at ho og partiet hennar kan bli haldne utanfor den politiske prosessen, seier Kjell Magne Bondevik.

Aung San Suu Kyi har gjort det klart overfor makthavarane at ho ikkje stiller vilkår for å delta i ein politisk dialog, men ho har ikkje fått svar frå militærjuntaen.

Bondevik prøvde nyleg å få visum til Burma, men dette vart avvist, slik at han ikkje kom seg lenger enn til nabolandet Thailand.

LES OGSÅ: Hylles som en av Indias egne helter

LES OGSÅ: Splittet opposisjon i Burma

Najsonale nettverk

Han fortel at fredsprisvinnaren frå 1991 og partiet hennar er i ferd med å organisere eit nettverk av ungdom i Burma ved hjelp av sosiale nettverk på Internett. Ho har også organisert eit nettverk av juristar som skal styrkje kunnskapen om grunnlova.

Aung San Suu Kyi er også oppteken av dei aukande helseproblema i heimlandet, blant anna det stadig aukande problemet med hiv og aids.

Bondevik skal no ta med seg bodskapen til Aung San Suu Kyi til dei internasjonale fora der han er representert, blant anna Club de Madrid, ein klubb der 75 tidlegare presidentar og statsministrar er med. Han fortel at Suu Kyi også er oppteken av at FN tek opp problema i Burma.

Bondevik seier likevel at det er Kina og dei andre nabolanda som er dei viktigaste for å få til ei endring i Burma, og det er viktig at desse landa endrar si haldning til militærjuinatan i Rangon.

LES OGSÅ: Norge positive til junta-samarbeid

LES OGSÅ: Åpner for samarbeid med militærjuntaen

LES OGSÅ: - Norge bør engasjere seg i Burma

SISTE NYTT

Siste nytt