Det opplyser ein talsmann for militærjuntaen i Burma.
Aung San Suu Kyi er utskriven frå sjukehuset.
Arrestert
Aung San Suu Kyi blei arrestert 30. mai etter at det kom til samanstøytar mellom hennar tilhengjarar og ei gruppe som støttar den styrande militærjuntaen. Fredsprisvinnaren var då på besøk hos lokale partilag nord i landet. Det er uklart kvar ho vart halden etter arrestasjonen.
Tidlegare denne månaden vart ho innlagd på sjukehus i Rangon, der ho gjekk gjennom ein større gynekologisk operasjon. Operasjonen skal ha vore vellukka, og ho skal vere i god form. Det har vore spekulert i om Suu Kyi hadde kreft, men Tin Myo Win avkreftar dette.
Han seier likevel at Suu Kyi framleis treng legetilsyn, og at han personleg skal følgje henne opp. På spørsmål om ho no er heilt frisk, svarte Win at ein lege aldri kan vere heilt sikker, men at han er optimist.
Løysing
Ein representant for styresmaktene i Indonesia, Ali Alatas, sa tidlegare i dag at han ventar ei løysing på "Aung San Suu Kyi"-spørsmålet før ASEAN-toppmøtet på Bali komande månad. Spørsmålet omkring fengslinga av fredsprisvinnaren har trua med å overskugge andre saker på toppmøtet.
Alatas har hatt samltalar med militærjunaten i Rangon, og seier at han ser optimistisk på utsiktene til at ho kan bli sett fri. Alatas understreka likevel at han ikkje har fått konkrete lovnader frå juntaen, men at det vart sagt klart at arrestasjonen av Suu Kyi ikkje var meint å vere permanent.