Hopp til innhold

Sudan: Vil ikkje ha krig

Sudan seier landet ikkje vil gå til nye åtak på Sør-Sudan, som skuldar naboane i nord for fleire bombeåtak i grenseområda. Verdssamfunnet er bekymra.

Oljeanlegg i den sørsudanske delstaten Unity

Oljeanlegg i den sørsudanske delstaten Unity. Strid om eigarskap til oljeområde er årsaka til konflikten.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Sudan seier no at dei ikkje vil gå til nye åtak mot det lausrivne landet i sør.

LES: Sudans president advarer om krig

– Vi vil ikkje gjennomføre noko form for bombing eller skyts på Sør-Sudansk jord, sa ein talsmann for dei sudanske myndigheitene Al-Obeid Meruh. Han la til at Sudan berre opptrer i sjølvforsvar.

Klandrar kvarandre

Sudanese President Omar Hassan al-Bashir

Sudans president Omar Hassan al-Bashir avlyser besøk til Sør-Sudan etter åtaka.

Foto: Noor Khamis / Reuters/Scanpix

Sør-Sudan skuldar nabolandet i nord for å ha bomba fleire store oljefelt i grenseområda.

Natt til onsdag skal Sudan ha bomba det oljerike Panakwach-området, og Sudans president al-Bashir har avlyst eit besøk til Sør-Sudan der målet var å finne ei løysing på striden.

LES: Fare for ny krig mellom nord og sør

LES: – Konflikten blusser opp mellom Sudan og Sør-Sudan

Samstundes skuldar Sudan bakkestyrkar frå sør for å ha rykka fleire kilometer innover grensa i oljeområdet Heglig, før dei blei drivne tilbake av sudanske regjeringsstyrkar.

Internasjonal bekymring

Både den Afrikanske union (AU) og FNs tryggingsråd er djupt bekymra over den meir og meir utrygge tryggleikssituasjonen på grensa mellom Sudan og Sør-Sudan.

LES: – Over 200 drept i Sør-Sudan

LES: – 150 soldater drept i Sudan

AU har bede begge landa om å trekkje styrkane sine ut av grenseområdet, til minst ei mil frå grensa, for å unngå samanstøytar.

Forholdet mellom dei to nabolanda har gradvis blitt verre etter at Sør-Sudan blei uavhengige i fjor sommar.

Langvarig konflikt

Dei to landa har i lengre tid prøvd å løyse ein strid om oljeinntekter og transportkostnader, som har fått Sør-Sudan til å stoppe oljeproduksjonen.

Denne konflikten har ført til fleire samanstøytar i det siste.

Begge landa gjer krav på det oljerike området, og nyleg blei fleire store oljefelt bomba av sudanske bombefly.

– Vi ber regjeringa i Sudan og Sør-Sudan utvise maksimalt atterhald og oppretthalde ein meiningsfull dialog for å på fredeleg vis kunne løyse spørsmåla som skapar mistillit mellom dei to landa, heiter det i ein uttale frå Tryggingsrådet.

SISTE NYTT

Siste nytt