Hopp til innhold

Sudan lova viktig økonomisk gåvepakke

Sudan har fått løfte om over to milliardar dollar frå 40 land. Men det er langt frå nok.

Sudan What’s Next

Sudans sitjande statsminister Abdalla Hamdok seier han er fornøgd med hjelpa. Landet manglar likevel fleire milliardar dollar for å kome seg ut av ei økonomisk krise.

Foto: AP

Løfta vart gjeve på ein videokonferanse arrangert av Tyskland torsdag. Det skriv NTB.

40 land har forplikta seg til å bidra med støtte på 1,8 milliardar dollar. I tillegg bidreg Verdsbanken med 400 millionar dollar.

Målet med «dollarrullinga» var å støtte opp under den demokratiske overgangen som går føre seg i Sudan.

I lang tid har Sudan vore isolert frå og sanksjonert av det internasjonale samfunnet.

Diktatoren Omar al-Bashir sat ved makta i Sudan i 30 år. Nyleg kom det fram at han har teke store delar statsbudsjettet som eiga «månadsbonus».

Han vart avsett av protestantar i april 2019.

Sudan

Protestantar i Sudan feirar frigjeringa i landet i November i fjor. No har det internasjonale samfunnet love fleire milliardar dollar i støtte.

Foto: AP

Store summar

USA lova 356 millionar dollar, Tyskland 150 millionar euro og Frankrike 100 millionar euro. Dei sameina arabiske emiratar og EU forplikta seg òg til å gje store beløp.

Sudans sitjande statsminister Abdalla Hamdok er svært fornøgd og takksam for hjelpa som no er lova. Han har tidlegare vore økonom i FN.

Beløpet er likevel langt frå nok til at regjeringa skal klare å berge økonomien i landet. Til det treng dei åtte milliardar dollar.

Matmangel og frustrasjon

Det er alvorleg matmangel i landet. Mangel på livsnødvendige varer har skapt frustrasjon i befolkninga.

To tredelar av dei 42 millionar menneska i landet lever i fattigdom.

Den nye regjeringa har arva ein utanlandsgjeld på 60 milliardar dollar. Landet er òg hardt ramma av koronaviruset.

Generalsekretæren i FN, António Guterres har sagt at Sudan må få hjelp så raskt som mogleg. Viss ikkje risikerer ein at den demokratiske overgangen vart mislykka.

Det kan ha alvorslege konsekvensar for Afrika, hevdar han.

Den sitjande regjeringa er sett saman av militære og sivile styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt