Hopp til innhold

Sudan forlot forhandlingsbordet

Forsoningssamtalane mellom Sudan og Sør-Sudan stoppa onsdag opp. Dei to nabolanda klarte ikkje å bli einige om ein avtale for å få slutt på konflikten.

Forsvarsminister i Sudan, Abdel-Rahim Mohamed Hussein på veg til samtaler med Sør-Sudan

Forsvarsminister i Sudan (til høgre) då han møtte representantar frå Sør-Sudan til fredsforhandlingar.

Foto: JENNY VAUGHAN / Afp

Førre veke var prega av kraftige kampar i dei omstridde grenseområda mellom Sudan og Sør-Sudan.

Både Afrikaunionen (AU), FNs sikkerheitsråd og EU har uttrykt djup bekymring over den stadig forverra sikkerheitssituasjonen.

LES: Fare for ny krig mellom nord og sør

LES: Opprørarar angrip by i Sudan

Måndag møttest utsendingar frå begge land til samtalar leidde av AU, men onsdag blei møta avslutta utan resultat. Sør-Sudan skuldar på naboen.

– Sudan forlét samtalen

– Dei forlét samtalen. Vi er klare til å signere, men Khartoum sprang vekk, sa hovudforhandlaren til Sør-Sudan, Pagan Amum.

Innanriksministeren i Sudan, Ibrahim Mahmoud, seier på si side at landet ønskjer å stoppe kampane, og at han håpar ein avtale vil bli underskrive når partane møtes til nye samtalar neste veke.

LES: Sudan: Vil ikkje ha krig

Nabostatane, som blei skilt frå kvarandre i fjor, har den siste veka skulda kvarandre for å angripe på den andre parten si side av grensa. Begge hevdar samtidig retten sin til å forsvare seg.

Dei to landa har i lengre tid forsøkt å løyse ein strid om oljeinntekter og avgifter for bruk av ei oljeleidning som går gjennom Sudan.

Striden har fått Sør-Sudan til å stanse oljeproduksjonen og begge landa misser no viktige inntekter.

SISTE NYTT

Siste nytt