«Allah Akbar, Gud er størst » ljoma det mot hærleiinga i Sudan som i nesten fjorten dagar hadde lova at det invaderte grenseområdet Heglig skulle bli gjenerobra frå Sør-Sudan i løpet av få dagar.
– Eg er veldig glad for denne sigeren, fordi fienden prøvde å knekke trua, religionen og landet vårt, seier Altom Abdallah Yosef under feiringa framfor Forsvarsdepartementet.
Sør-Sudan trekkjer seg ut
Sør-Sudan lovde i går å starte å trekkje ut soldatane sine frå det omstridde Heglig-området i Sudan innan tre dagar.
– Ei ordna tilbaktrekking skal starte med ein gong, og den skal vere ferdig i løpet av tre dagar sa informasjonsminister Barnaba Marial til journalistar i Juba i går.
- LES:
Sudan svarte med ei storslått feiring framfor Forsvarsdepartementet i Khartoum.
al-Bashir hissar folket med militærmusikk
Oppladinga til feiringa hadde presidenten i Sudan sørga for.
På fleire folkemøte dei siste dagane, med militærmusikk og jublande tilhengarar, har Omar al-Bashir fortalt at nabolandet i sør trakka over ved å rykkje inn i Heglig.
- LES:
Presidenten har lova at dei skulle få ein lærepenge som Salva Kiir og regjeringa i Juba i Sør-Sudan ikkje kom til å gløyme, og kunngjorde eit nytt slagord:
«Vi skal frigjere Sør-Sudanarane frå insekta som styrer dei»
Ikkje alle feirar
Tidlegare statsminister i Sudan, Al-Sadiq Al-Mahdi er ikkje glad for utviklinga etter at Sør-Sudan okkuperte det oljerike grenseområdet.
– Vi er svært lei oss for denne utviklinga, vi hadde planlagt ein omfattande fredskonferanse der alle dei uløyste spørsmåla med Sør-Sudan skulle bli tatt opp, seier Al-Mahdi.
- LES:
– Og så skjer denne innrykkinga i Heglig og kamphandlingane i grenseområdet i staden for.
Fryktar krig
På gatenivå i Karthoum har frykta for ein meir omfattande krig med Sør-Sudan meldt seg. Folket ønskjer ikkje krig.
Den over tjue år lange borgarkrigen som enda med ein fredsavtale i 2005, kravde millionar av menneskeliv på begge sider.
– Du finn ikkje ein einaste familie i Sudan som ikkje har eit medlem anten i eller knytt til hæren, seier Nasir Raham, som har ein bror i Sudan sin hær i grenseområdet i Sør.
– Ein må unngå ein ny, full krig for kvar ein pris, meiner han.
Meiner Sør-Sudan er utakksame
Likevel har militærmusikken og Omar al-Bashir sin krigsretorikk gitt gjenklang hjå mange sudanarar. Dei føler at Khartoum strekte seg langt då Sør-Sudan fekk halde folkerøysting og reiv seg laus frå Sudan i fjor.
Og så kjem takka, slik sudanarane oppfattar det, i form av ein okkupasjon av oljefeltet Higlig på sudansk jord.
Avisseljaren Elsir Gualsmalsead i sentrum av Khartoum kallar det for forræderi.
– Og bak sviket står USA og Israel og andre vestlege land som prøvar å tene pengar på det, seier Gualsmalsead.
Men no er Sør-Sudan si erobring av Heglig snart historie med ei feiring i Khartoum som varte til ut på morgonkvisten i dag.