Det kjem fram i ein studie offentleggjort i Journal of Epidemiology and Community Health onsdag, om det forskarane kallar ei «krise for folkehelsa».
Funna blir lagde fram medan USA framleis er prega av omfattande protestar mot rasisme og politivald, som starta etter drapet på George Floyd i mai.
Forskarar frå tre universitet har analysert statistikk om personar som har vorte skotne og drepne av politiet mellom 2015 og 2020. Statistikken kjem frå nyheitsartiklar og organisasjonar, og er utarbeidd av The Washington Post.
Drepne 2,5–3 gongar oftare enn kvite
I løpet av dei fem åra døydde 5367 menneske av skot frå politiet. I dei 4653 dødsfalla der informasjonsgrunnlaget var godt nok, fann forskarane at 51 prosent av dei døde var kvite, 27 prosent svarte, medan 19 prosent hadde latinamerikansk bakgrunn. Urfolksgrupper og folk med asiatisk opphav stod for 2 prosent kvar.
Målt opp mot kor stor del av befolkninga dei ulike gruppene utgjer, vart folk med urfolksopphav skotne og drepne tre gongar så ofte som kvite. For svarte var talet 2,5 gongar.
Endå verre for uvæpna
I 16 prosent av skyteepisodane med dødeleg utfall var offera uvæpna. Blant desse vart svarte menneske skotne og drepne 3,18 gongar så ofte som kvite.
Forskarane erkjenner at studien har enkelte svakheiter, spesielt at statistikken baserer seg på nyheitsartiklar og at ein derfor kan ha gått glipp av mange hendingar.
Episodar der personar har mista livet i varetekta til politiet, men utan at skot har vorte losna, er heller ikkje medrekna. Det gjeld til dømes i drapet på George Floyd.
Ein oversikt frå nettsida Mappingpoliceviolence.org viser at over 1000 menneske kvart år vert drepne av politiet i USA. Også på denne statistikken er svarte sterkt overrepresenterte.