Hopp til innhold

Studie: Fleire muslimar enn kristne i 2070

I 2050 vil det vere like mange tilhengjarar av islam som av kristendommen, og i 2070 vil det vere fleirtal av muslimar i verda, ifølgje ein studie frå amerikanske Pew Research Center.

Mekka

BLIR STØRST: I 2070 vil islam vere den største religionen i verda. Biletet er frå Mekka i Saudi-Arabia, den mest heilage staden i islam.

Foto: AMER HILABI / Afp

Den religiøse profilen i verda er i rask endring. Men kvifor stig andelen muslimar, medan andre religionar krympar i andel tilhengjarar? Dette spørsmålet har Pew Research Center sett nærare på.

Det amerikanske forskingssenteret formidlar informasjon om samfunnsforhold i USA og globalt, og forskar mellom anna på den religiøse utviklinga i verda.

Kristne vil forbli den største religiøse gruppa dei neste fire tiåra, ifølgje studien, men etter det vil islam vekse raskare enn nokon anna religion dersom dagens trend held fram.

Europa 2050: 1 av 10 er muslim

Studien blei publisert på nettsidene til Pew Research Center i går, torsdag 2. april, og har blitt omtalt av fleire av dei største nettavisene i verda.

I 2010 var det rundt 2,2 milliardar kristne i verda, noko som representerer nesten ein tredjedel av alle 6,9 milliardar menneske på jorda. Til samanlikning hadde islam 1,6 milliardar tilhengjarar i 2010, noko som er 23 prosent av verdas befolkning.

Dersom dagens demografiske trendar held fram, meiner Pew at den muslimske befolkninga vil auke med 73 prosent fram til midten av hundreåret. I 2050 vil det då sjå slik ut:

  • 30 prosent muslimar – 2,8 milliardar
  • 31 prosent kristne – 2,9 milliardar

I 2050 kjem kvar tiande innbyggjar i Europa vere muslim, ifølgje studien.

Muslimske kvinner føder flest barn

Ifølgje Alan Cooperman, direktør for religionsforsking i Pew, er den muslimske befolkninga konsentrert i nokre av dei raskast veksande delane av verda. Dette er den viktigaste grunnen til at andelen muslimar aukar i andel, ifølgje Cooperman.

I studien kjem det fram at muslimske kvinner føder flest barn, med eit gjennomsnitt på 3,1 barn per kvinne. Til samanlikning føder kristne kvinner i snitt 2,7 barn.

Dette er årsaka til at den muslimske befolkninga veks raskare enn hinduar og kristne, ifølgje studien.

SISTE NYTT

Siste nytt