Studie: 30.000 smitta på Trump sine folkemøte

Dei populære folkemøta til president Donald Trump har ført til at over 30.000 smittetilfelle og truleg til minst 700 dødsfall, konkluderer ein studie frå Stanford-universitetet.

Folkemøte i Tulsa i Oklahoma 20. juni.

OKLAHOMA: President Donald Trump heldt folkemøte i Tulsa i Oklahoma 20. juni i år. Ifølgje lokale helsestyresmakter var det ein dramatisk auke i smittetilfella i fylket etter dette folkemøtet.

Foto: Stephen Pingry / AP/NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I studien som vart sloppen fredag har forskarane sett nærare på 18 av Trumps folkemøte frå juni til september. Det er viktig å understreke at studien enno ikkje er vurdert av andre fagfolk.

Studien viser at smitteraten ofte steig markert på stader der valmøta vart haldne, samanlikna med nærliggjande byar der det ikkje hadde vore slike møte.

Auka infeksjonsrate

Forskarane har brukt ein statistisk metode for å berekne infeksjonsraten knytt til dei 18 folkemøta. Tala er altså ikkje baserte på individuelle tilfelle som kan sporast direkte tilbake til enkeltmøte. I staden har forskarane følgt smitteutviklinga i kvart fylke i opptil ti veker etter kvart valmøte.

Folkemøte med Trump i Butler i Pennsylvania lørdag 31. oktober

PENNSYLVANIA: Laurdag kveld heldt president Trump folkemøte i Butler like ved stålbyen Pittsburgh i Pennsylvania. Framleis er det mange på møta som ikkje nyttar munnbind eller held sosial avstand.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters/NTB

Representantar for helsestyresmaktene i delstatane der slike møte har vore arrangerte, understrekar at det ikkje er mogleg å spore kvart enkelt smittetilfelle tilbake til spesielle møte, skriv The New York Times.

Det er venta at Republikanarane vil peike på at undersøkinga ikkje er fagfellevurdert og ikkje til å stole på. Demokratane vil venteleg hevde at presidenten har sett helsa til deltakarane på spel.

Det kan innvendast at smittetilfella stig overalt, at deltakarane på folkemøta i mange tilfelle reiser langt, og at smittesporing ikkje alltid er mogeleg.

Samanlikna med 200 andre fylke

Undersøkinga er ikkje basert på konkret smittesporing etter folkemøta. Professor B. Douglas Bernheim og kollegaene hans ved Stanford-universitetet, har brukt ei form for regresjonsanalyse for å få fram tala.

Dei samanlikna 18 fylke der Trump hadde halde folkemøta sine, med 200 andre fylke med liknande demografisk samansetning og same spreiingsbilde forut for møta.

Dei to første møta som forskarane studerte, i Tulsa og i Phoenix, var innandørsmøte. Dei andre 16 vart haldne i friluft. I Tulsa vart det ein oppblomstring i smitte i vekene etter, utan at smittetilfella kan sporast direkte til folkemøtet.

Frå eit anna møte i Bemidji i Minnesota i september, har lokale styresmakter spora opp 16 smitta. Same dag heldt Joe Biden eit møte i Duluth, og der vart det funne eit smittetilfelle etterpå.

– Over 700 ekstra dødsfall

Basert på utrekningsmodellen kalkulerer forskarane med at møta førte til ein auka smitterate på over 250 nye tilfelle per 100.000 innbyggjarar. For alle dei 18 møta, konkluderte dei med at folkemøta sannsynlegvis førte til meir enn 30.000 smittetilfelle.

Dei skriv òg at møta sannsynlegvis har ført til over 700 dødsfall, men det blir understreka at dødsfalla ikkje nødvendigvis ramma folk som deltok fysisk på møta.

– Lokalsamfunna der Trump-møta har funne stad, har betalt ein høg pris når det gjeld sjukdom og død, konkluderer forskarane ifølgje New York Daily News.

Etter at studien vart avslutta i september, har presidenten halde fleire dusin liknande møte. Berre denne siste valkamphelga og fram til måndag, held han 14 slike valkampmøte.

18. juni holdt president Donald Trump folkemøte i Orlando i Florida

FLORIDA: 18. juni heldt president Donald Trump folkemøte i Orlando i Florida, der tilhøyrarane sto tettpakka.

Foto: MANDEL NGAN / AFP/NTB

Det kvite huset avviser

Talsmann Judd Deere i Det kvite huset seier til The New York Times at studien er «ein politisk motivert modell basert på feilaktige slutningar som er meint å få Trump-tilhengjarar til å føle skam».

– Som presidenten har sagt, kan ikkje kuren vere verre enn sjukdomen, seier han.

Deere strekar under at ein må følge dei beste råda, samstundes som det må vere rom for personleg fridom i innsatsen for å avgrense spreiinga av koronaviruset.

Alt om presidentvalget i USA

SISTE NYTT

Siste nytt