Hopp til innhold

Studentar saksøker Mugabe etter at kona fekk doktorgrad

Zimbabwes største studentforeining har bestemt seg for å trekke president Robert Mugabe for retten. Dei klarer ikkje å forstå korleis presidentkona har klart å få ein doktorgrad i filosofi.

Zimbabwe First lady Robert Mugabe, Grace Mugabe

Robert Mugabe og kona Grace var i godt humør då presidenten feira sin 90-årsdag i februar. No har kona fått doktorgrad, og det har skapt misnøye blant studentane i landet.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / Ap

ZIMBABWE-MUGABE/GRACE File photo of Zimbabwe's President Mugabe and his wife Grace arriving for his presidential inauguration in Harare

Robert Mugabe har styrt Zimbabwe sidan 1980. I byrjinga vart han lovprisa, og karakterisert som ein leiar for framtida. Men dei siste åra har korrupsjon og vanstyre vore gjennomgåande tema i medieomtalen av Mugabe.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / Reuters

ZIMBABWE-MUGABE/GRACE File photo of Grace, wife of Zimbabwe's President Robert Mugabe, gesturing during a ZANU-PF party meeting in Mutare

Grace Mugabe skal ha planar om å bli Zimbabwe sin nye president når hennar mann går bort. Mange meiner at hennar nye doktorgrad er eit tiltak for å styrke sjansane for å få presidentjobben.

Foto: PHILIMON BULAWAYO / Reuters
Zinasu - Studentenes fredspris

Studentorganisasjonen Zinasu vann i 2003 «Studentenes fredspris». Den gong var det studentpresident Nkululeko Sibanda (til venstre) og Tinashe Chimedza som tok imot prisen på vegner av Zinasu. Morten Harket stod for prisutdelinga.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

For eit par veker sidan fekk Grace Mugabe tildelt sin doktorgrad i filosofi ved University of Zimbabwe. Vonde tunger vil ha det til at tildelinga skjedde berre to veker etter at ho starta studiet, og at mannen og president Robert Mugabe stod bak tildelinga.

Sidan den gong har doktorgradstildelinga vore gjenstand for mykje debatt i Zimbabwe.

På universitetet sine eigne nettsider er president Mugabe ført opp som lærestadens øvste leiar. Og det er fleire som reagerer på kor raskt Grace Mugabe har klart å oppnå doktorgrad. Det er berre tre år sidan ho tok sin første akademiske grad ved eit kinesisk universitet.

SJÅ DOKUMENTAR OM MUGABE PÅ NRK NETT-TV

Presidentkona skal også ha feila stort då ho i 1998 prøvde seg som student ved Universitetet i London. Etter fleire eksamenar med under 20 prosent riktige svar vart ho til slutt avregistrert som student, grunna manglande progresjon. Det skriv den sørafrikanske avisa Mail & Guardian.

Robert Mugabe har sjølv ein imponerande akademisk bakgrunn, med to mastergrader i naturvitskap og jus frå Universitetet i London. I tillegg er han utdanna lærar, og har arbeidserfaring som lærar frå Zambia og Ghana, før han vart president i heimlandet.

– Ei fornærming

Studentorganisasjonen Zinasu, som i 2003 vant den norske prisen «Studentanes fredspris», er blant dei som reagerer på at Grace Mugabe no har blitt tildelt doktorgrad, og har no bestemt seg for å trekke president Robert Mugabe for retten. Dei meiner doktorgraden er eit resultat av korrupsjon.

– Me har bestemt oss for å trekke University of Zimbabwe presidenten og visepresidenten for retten. Som studentar så meiner me at me har rett til å sende inn ein slik rettsførespurnad, seier studentleiar Gilbert Mutubuki ifølgje Mail & Guardian.

Mutubuki seier at studentane ser på doktorgradsutmerkinga som ei fornærming, men at dei ved å trekke saka for retten ønskjer å beskytte University of Zimbabwe sitt rykte.

Store politiske karriereplanar

Under same seremoni fekk også visepresident i Zimbabwe, Joice Mujuru, tildelt ein doktorgrad. Fleire meiner tildelingane er del av ein plan for å styrke Grace Mugabe og Mujuru sine posisjonar.

49 år gamle Grace Mugabe er peikt ut som mogleg president i Zimbabwe den dagen 90 år gamle Robert Mugabe dør, medan Mujuru skal vere ein sterk kandidat til å bli den neste leiaren for Mugabes parti, Zanu PF.

– Me meiner at politikarar ikkje bør misbruke universitetet eller dei akademiske tilsette i krigen som går føre seg mellom ulike politiske fraksjonar. Me forstår at både visepresidenten og presidenten si kone har høge, politiske ambisjonar, men dei bør ikkje misbruke University of Zimbabwe for å nå sine mål, seier Mutubuki.

Studentgruppa skulle etter planen levere inn dei naudsynte papira til retten i går, men dei planane vart utsette då advokaten deira måtte kaste inn handduken fordi han deltek i opposisjonspartiet MDC sitt arbeid. No har andre advokatar overtatt jobben.

Kritikk frå norsk-zimbabwisk forfattar

Også andre har kritiserte tildelinga, deriblant Chenjerai Hove, som er ein prisvinnande forfattar som bur i Noreg. Hove har sjølv studert ved University of Zimbabwe, og meiner doktorgradstildelinga skader universitetets rykte.

– Eg har mista stoltheita og prestisjen eg hadde som tidlegare student ved universitetet, sidan våre akademiske grader no har blitt gjenstand for latter, seier Hove til BBC Focus on Africa.

Studentleiar Mutubuki seier til Mail & Guardian at han har teke imot mange trugslar etter at han starta å ta eit oppgjer med det han meiner er korrupsjon.

– Eg har blitt ringt opp mange gonger frå hemmelege nummer, og nokre av oppringarane seier dei er frå grupperingar rundt Mugabe. Dei trugar meg og seier at eg skal stoppe å snakke om dette tema. Nokre av dei kom faktisk heim til meg også, men eg var ikkje heime, seier Mutubuki, som legg til at han ikkje let seg stoppe.

Studentleiaren meiner folk i Zimbabwe er nøydde til å ta opp tema og diskutere det, og studentgruppa vil denne veka bidra til det ved å arrangere eit debattmøte om doktorgradssaka.

SISTE NYTT

Siste nytt