NRK Meny
Normal

Studentar arresterte i Myanmar

Minst 16 personar frå studentorganisasjonen ABFSU vart arresterte i Myanmar kvelden før ein planlagt markering. – Viser kor skjør demokratiseringsprosessen er, seier Den norske burmakomité.

Myanmar Min Ko Naing, Ko Ko Gyi

Leiarar i gruppa «88-generasjonen» held bilete av nokre av dei arresterte aktivistane frå ABFSU på ein markering 7. juli 2012.

Foto: Khin Maung Win / Ap

Aktivistane vart plukka opp av politiet i fire forskjellige byar i Myanmar seint fredag kveld, fortel aktivistar og familiemedlemar, melder Reuters.

Aktivistane skulle laurdag markere 50-årsdagen for at studentbygget i Yangon, tidlegare Rangoon, vart sprengt den 7. juli 1962.

Det skjedde fire månader etter at general Ne Win tok makta og innførte eit 49 år langt militærregime i det tidlegare Burma.

Veit ikkje kvar dei er

Blant dei arresterte er 23-åringen Phyo Phyo Aung, ein tidlegare politisk fange, som vart lauslaten i fjor.

– Dei sa dei skulle sende ho heim etter å ha avhøyrt ho. Me veit ikkje kvar ho er eller korleis det står til med ho, seier mora hennar til Reuters.

Ma Nilar, i gruppa «88-generasjonen» seier ho kan stadfeste at det er gjort 16 arrestasjonar i dei to største byane, Yangon og Mandalay, i tillegg til to mindre byar nord i landet.

Politiet i desse byane har ikkje kommentert opplysningane.

(Saka held fram)

Myanmar parlament

Representantar for militærregimet under ein sesjon i parlamentet i Naypyitaw 5. juli 2012.

Foto: Soe Than WIN / Afp

– Brukar framleis frykt

Myanmar har det siste året implementert ei rekkje reformer. Mellom anna har dei lauslate kring 600 politiske fangar, og innført lovar som tillét demonstrasjonar.

Dette førte til at ein del land, også Norge, letta sanksjonane som var innført mot landet i april i år.

Arrestasjonane skader det positive biletet verda har fått av Myanmar den siste tida, ifølgje ASEAN, er ei gruppe søraust-asiatiske land som hjelper Myanmar med demokratiseringsprosessen.

– Denne undertrykkande handlinga har gitt oss eit inntrykk av at den gamle måten å gjere ting på framleis blir praktisert, trass i all positiviteten til endring me har høyrt, seier visepresident i ASEAN Son Chhay, som sjølv er i landet.

– Om dei skal arrestere folk før ei kriminell handling har funne stad, viser at dei framleis brukar frykt for å undertrykke, seier han til Reuters.

Skjør prosess

Audun Aagre i Den norske burmakomité var for få dagar sidan i Yangon og møtte studentaktivistane som jobbar med å bygge oppatt ABFSU.

Han fortel at aktivistane den siste tida har fått stadig fleire trugsmål frå styresmaktene.

Eigaren av restauranden der markeringa var planlagt å bli heldt vart også truga, og valde å seie nei til arrangementet, fortel han.

Også Espen Skran i komiteen er bekymra.

– Dette viser kor skjør reformprosessen er. Dette er eit steg i feil retning og tyder på at ikkje alt er på plass. Sjølv om det er mykje positivt som skjer i Myanmar, så gjenstår det å sjå at ord blir til handling, seier han.

Myanmar Suu Kyi Aung San Suu Kyi

Opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi møtte sine tilhengarar då ho besøkte Kawahmu 5. juli. Ho vart lauslaten frå husarrest i november 2010 og vann eit sete i parlamentet i år.

Foto: Khin Maung Win / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt